Skriftlig spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:667 (2004-2005)
Innlevert: 07.04.2005
Sendt: 07.04.2005
Besvart: 14.04.2005 av arbeids- og sosialminister Dagfinn Høybråten

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): I Innst. S. nr. 144 (2003-2004) føretek sosialkomiteen fleire presiseringar for informasjon og praksis overfor uføre med meirinntekt. Det vert i innstillinga referert til brev frå dåverande sosialminister om at eit års ventetid for rett til meirinntekt fell bort frå 2004.
Kva praktiske følgjer har samrøystes merknader frå sosialkomiteen fått for informasjonen til trygdemottakaren og for praktiseringa av regelverket?



Begrunnelse

Eg er gjort kjend med at ein mottakar av 100 pst. uføretrygd, eineforsytar i familien, som følgje av uføresette meirinntekt på 5 200 kr utover fribeløpet på 1G i 2002 og etter avtale med trygdekontoret om trekk, framleis er vurdert til 90 pst. arbeidsuførleik sjølv om legen meiner det ikkje er medisinsk endring i høve til 100 pst. i 2002. Dette inneber ein reduksjon i uførepensjonen på i overkant av 25 000 kr pr. år. Vedkomande har etter dette trygdekontorvedtaket følgjeleg heller ikkje høve til meirinntekt. Det framgår av nemnde innstilling at sosialkomiteen har registrert mangelfullt oppfatta informasjon og tilfeldig overskriding av friinntekta hos mange berørte, utan at permanent arbeidsevne er betra. Komiteen understrekar at ei tilfeldig overskriding ikkje skal ha følgjer over fleire år. Eg ber statsråden klargjera om komitemerknadene i det heile har medført endringar, og i tilfelle korleis departementet og trygdeetaten har følgt opp komiteen sine presiseringar.

Dagfinn Høybråten (KrF)

Svar

Dagfinn Høybråten: Når det har gått eitt år sidan tidsavgrensa uførestønad eller uførepensjon blei gitt, kan mottakaren ha inntekt opp til eitt grunnbeløp ved sida av 100 pst. yting i løpet av kalenderåret (friinntekt). Når inntekta overstig grunnbeløpet skal tidsavgrensa uførestønad og uførepensjon revurderast og ytinga kan bli sett ned eller falle bort. Dette inneber at ein stønadsmottakar som har ei inntekt over eitt grunnbeløp i starten av kalenderåret, vil få revurdert sin uføregrad med nedsett yting som resultat i resten av kalenderåret, sjølv om vedkommande ikkje har arbeidsinntekt. Ved årsskiftet vil vedkommande kunne søkje og få full uførepensjon på ny dersom det ikkje er utsikt til arbeidsinntekt. Dette inneber då at ei overskriding av friinntekta utan at permanent arbeidsevne er betra berre vil ha konsekvensar for det inneverande året. Eg vil likevel gjere merksam på at når uførepensjonen igjen blir sett opp til 100 pst., går det ei ny ventetid på eitt år før vedkomande kan ha ei friinntekt opp til eitt grunnbeløp utan at uførepensjonen blir redusert.
Dersom uføregraden blir revurdert og satt ned fordi inntekta overstig eitt grunnbeløp, vil det frå 2004 ikkje lenger være noko ventetid før stønadsmottakaren igjen får rett til ei friinntekt på eitt grunnbeløp i tillegg til den inntekta som blei lagt til grunn ut i frå restarbeidsevne og gradert pensjon. Ein person som har fått satt ned uføregraden til 90 pst. kan dermed ha rett til friinntekt opp til eitt grunnbeløp utan ventetid.
Regelverket og praksis som er omtalt ovanfor var også gjeldande da sosialkomiteen handsama Dokument nr. 8:19 (2003-2004), jf. Innst. S. nr. 144 (2003-2004). I denne samanheng påpeker komiteen manglande informasjon til trygdemottakaren. Som eg har gjort merksam på i mitt brev av 11. oktober 2004, har trygdeetaten følgjande faste informasjonsopplegg overfor den enkelte mottakar av uførestønad/uførepensjon:

- Ved yting av uførepensjon får pensjonisten tilsendt ei skriftleg vedtaksmelding. I meldinga er det eit eige avsnitt med overskrift "Arbeidsinntekt og uføregrad" der ein gjer greie forkva inntekt vedkommande kan ha ved sida av pensjonen. Det blir også gitt informasjon om at ein må ta kontakt med trygdekontoret ved inntektsendringar eller andre endringar som er viktig for pensjonen.
- Eitt år etter at stønaden vart løyvd får alle pensjonistar ein folder sendt til seg. Den heiter "Til deg som ønsker å kombinere uførepensjon med arbeidsinntekt".
- Ved endring av uføregrad i løpande uførepensjon blir det også sendt ei skriftlig vedtaksmelding til pensjonisten. I denne blir det blant anna gjort greie for kor høg inntekt vedkommande nå kan ha ved sida av ytinga.

Regelverket på dette området er komplisert. Trygdeetaten arbeider kontinuerleg med å gje ein så konkret og utfyllande informasjon at den enkelte brukar får ei god innsikt i dei rettar og plikter han eller ho har, slik at ein unngår feilutbetalingar. Vidare har mottakar av ei uføreyting som er i tvil om noko i samband med dette, høve til å ta kontakt med trygdekontoret på bustaden for nærare informasjon.