Skriftlig spørsmål fra Heidi Grande Røys (SV) til justisministeren

Dokument nr. 15:680 (2004-2005)
Innlevert: 13.04.2005
Sendt: 13.04.2005
Besvart: 18.04.2005 av justisminister Odd Einar Dørum

Heidi Grande Røys (SV)

Spørsmål

Heidi Grande Røys (SV): Eg viser til spørsmål frå Elisabeth Røbekk Nørve av 18. februar 2005 og justisministeren sitt svar av 28. februar 2005 vedkommande redningshelikopterbasen i Florø. Departemenet skriv at ein tar sikte på utlysing av anbodet i EØS-området så snart som mogleg i vår, og at det vil ta 18 månader frå kontrakt er tildelt til tenesta kan starte opp.
Er anbodet sendt ut, kortid vil arbeidet med oppbygginga av sjølve basen i Florø skje, og kor lang tid reknar ein med å bruke på oppbygginga?

Odd Einar Dørum (V)

Svar

Odd Einar Dørum: Anbodet er enda ikkje sendt ut, men departementet tar sikte på at dette vil skje som planlagt i løpet av våren 2005. Departementet er oppteken av at helikopteret på Florø blir eit fullverdig redningshelikopter med dei overordna krav som Stortinget og Regjeringa har lagt til grunn for kjøp av framtidige redningshelikopter. Desse krava er utarbeida av eit brukarforum (Helikopterfaglig forum) som vart nedsett etter anmodning frå Stortinget.
Krava er ute på høyring hjå nødvendige etatar, og straks resultatet av dette er på plass vil anbodsprosessen bli sett i gang. Departementet tar sikte på at kontrakt med aktuell operatør vil vere klar seinsommar 2005.
Etter at tildeling av kontrakt er gitt vil det vere opp til operatøren å starte arbeidet med oppbygginga av sjølve basen. Erfaringsmessig kan dette ta 18 månader, noko som særleg skyldast at det må skaffast nytt helikopter.