Skriftlig spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:687 (2004-2005)
Innlevert: 14.04.2005
Sendt: 14.04.2005
Besvart: 20.04.2005 av arbeids- og sosialminister Dagfinn Høybråten

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): I den siste tida er det avdekka fleire alvorlege hendingar på norsk sokkel. Ei gransking av 37 hendingar over 7 år påviser graverande svikt i tryggleikssystem og -rutinar. Desse opplysningane står i sterk motstrid til den offensive haldninga og dei mange samarbeidstiltaka som vart understreka då kommunalkomiteen handsama stortingsmeldinga om helse, miljø og tryggleik på sokkelen.
Kva gjer statsråden for å sikra ei reell styrking av tryggleiken for dei mange som har sitt daglege arbeid på dette sårbare området?

Begrunnelse

Dei tilhøva som no er avdekka, gir grunn for å stilla spørsmål ved fleire sider ved tryggleiksarbeidet. Eg meiner dette handlar både om samsvar mellom ord og handling hos ei næring med høge krav til lønsemd og om tillit til denne næringa. Det handlar også om å sikra eit tilsyn som har ressursar, ikkje berre til å avdekka, men også til å gi råd og delta i dei prioriteringar som no må gjerast for å retta opp feil og styrka innsatsen. Eg meiner det er relevant å be Regjeringa gi Stortinget ei orientering om situasjonen, anten i revidert budsjett eller på annan måte. Ved delinga av Oljedirektoratet var ressursane til Petroleumstilsynet eit tema. Tilsynet fekk nye oppgåver. Eg ber statsråden som ein del av ei slik orientering sjå nærare på om Petroleumstilsynet bør tilførast fleire stillingar for slik å ha høve til intensivering av sin viktige del av tryggleiksarbeidet.

Dagfinn Høybråten (KrF)

Svar

Dagfinn Høybråten: Eg vil starte med å peike på at det ikkje er mogleg å trekkje nokon eintydig konklusjon om utviklinga i risikonivået på norsk sokkel dei seinare åra. Stortingsrepresentant Meltveit Kleppa viser til ei gransking av 37 hendingar over sju år som er utarbeidd av Petroleumstilsynet i 2004. I Petroleumstilsynet sitt arbeid med rapporten, blei det lagt inn MTO-årsaker (Menneske-Teknologi-Organisasjon) som ligg bak for hendingar og tillaup på boredekk, som enten var granska av Petroleumstilsynet eller rapportar frå operatørane sine eigne granskingar. Når uønskte hendingar inntreffar, vil ein som hovudregel også finne mangelfull leiing som ei av årsakene til hendinga. Rapporten "Human factors på boredekket" stadfester dette. For øvrig må ikkje konklusjonane frå rapporten på dette spesifikke området bli sett på som ei generell skildring av tilstanden i næringa.
Styresmaktene har saman med næringa gjort ein systematisk innsats for å kartleggje risikonivået i sektoren dei seinare åra. På bakgrunn av det datagrunnlaget og dei indikatorane som er brukt i prosjektet "Utvikling i risikonivå - norsk sokkel", viser dei fleste storulykkesindikatorene ein nedgang eller eit stabilt nivå i 2004. Likevel viser resultata ei moderat auke i risikoen for tap av liv i samband med storulykker på norsk sokkel i 2004, i høve til gjennomsnittet i perioden frå og med 1996 til og med 2003.
Hovudårsaka til auken er innverknaden frå eit lite antall hendingar med storulykkespotensial i 2003/2004. Perioden 1996-2004 under eitt, viser ingen klare utviklingar i trend. Når det gjeld hyppigheita av alvorlege personskader, har det derimot vært ein nedgang frå 2000 både på produksjonsinnretningar og flyttbare innretningar, og nedgangen har fortsett i 2004 og for fyrste gong er det observert at hyppigheita av alvorlege personskader er lågare for entreprenøransatte enn for operatøransatte. Eg vil likevel streke under at det framleis er utfordringar på helse-, miljø og tryggleiksområdet som krevjar meir innsats frå alle involverte partar.
Eit eksempel på eit satsingsområde er betre kunnskap om årsaker som ligg bak hendingane, samt kunnskap om menneskelege faktorar for å kunne førebyggje hendingar. Dei "menneskelege faktorane" dreier seg om å skape betre HMS, og dermed førebyggje at hendingar og tilløp hender. Dersom vi skal kunne gjere det på ein god måte, må vi vite kvifor hendingar skjer. Siktemålet er å få partane i næringa til å sjå meir på heilskapen og korleis manglande støtte frå organisasjon og tekniske forhold, dvs. rammene, ofte medverkar til feilhandlingar.
Målet med HMS-arbeidet er å hindre skade på menneskjer, miljø og innretningar. Når uønskte hendingar likevel oppstår, vil ein som hovudregel kunne finne at mangelfull leiing og dårleg organisering av verksemda er blant årsakene som ligg bak. Det er heilt avgjerande for sikre operasjonar at leiinga har eit aktivt forhold til tryggleik og demonstrerer dette i det daglege arbeidet. Eg er opptatt av at engasjementet til leiinga må være eit av dei viktigaste fokusområdene for industrien i tida framover, og at styresmaktene fylgjer dette opp. Dette er noko eg diskuterer i møter med leiarar i næringa og med Petroleumstilsynet.
Når det gjeld informasjon til Stortinget, har Stortinget bedt om ei stortingsmelding om tryggleiken i petroleumsverksemda kvart fjerde år. Neste stortingsmelding om dette temaet skal leggjast fram for Stortinget i byrjinga av 2006. Dette er Stortinget orientert om i St.prp. nr. 1 (2004-2005) for Arbeids- og sosialdepartementet. I meldinga vil det bli gitt ein brei og grundig gjennomgang av helse-, miljø- og tryggleiksforholda i petroleumsverksemda. Eg antar at denne tryggleiksmeldinga vil ivareta representanten Meltveit Kleppa sitt behov for orientering om forholda i petroleumsverksemda.
Når det gjeld ressurssituasjonen i Petroleumstilsynet, blir denne vurdert i samband med styringsdialogen med etaten, i tillegg til at den også blir vurdert fortløpande i budsjettperioden.