Bjørn Jacobsen (SV): Frå borgarkrigen på 80-talet og drapet på erkebiskop Romero går det ein raud tråd til dagens ulike hendingar med drap og truslar ovanfor opposisjon og andre organiserte på ein slik måte at eg finn grunn til å spørje om Regjeringa har tatt eller vil ta noko initiativ for å påverke situasjonen i El Salvador, og samtidlig uttrykke bekymring for kva som skjer ovanfor salvadoranske myndigheiter?
Begrunnelse
I El Salvador aukar truslar og vold mot personar og organisasjonar på venstresida. Det er grunn til bekymring over utviklinga i El Salvador. Rapportar tyder på at både ånd og innhald i fredsavtalen frå 1992 ikkje blir respektert av Regjeringa. Fredsavtalen påla partane å fjerne de voldelige strukturane ved å oppløyse de interne tryggingsstyrkane og paramilitære styrkane, redusere militærets rolle gjennom reduksjon av hæren, og oppretting av et nytt sivilt politivesen. Fredavtalens ånd gikk klart ut på at bare rettferd og demokrati kan på sikt avskaffe vold som virkemiddel. Arbeidet for eit rettferdig og demokratisk El Salvador må derfor også kunne seiast å være ein del av avtalen.