Skriftlig spørsmål fra Bjørn Jacobsen (SV) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:794 (2004-2005)
Innlevert: 19.05.2005
Sendt: 20.05.2005
Besvart: 30.05.2005 av landbruks- og matminister Lars Sponheim

Bjørn Jacobsen (SV)

Spørsmål

Bjørn Jacobsen (SV): Kva gjør statsråden for at lokal skog skal komme meir i bruk i trevareindustrien i Møre og Romsdal, og har statsråden nokon politikk for å hjelpe eller promotere ny lokal vidareforedling som til dømes Troms parkett?

Begrunnelse

Rapportar frå heile landet viser at uttaket av norsk skog kan aukes og dermed også verdiskapinga frå skogbruket.
Frå Møre og Romsdal meldes det at trevareindustrien importerer råvarer frå andre delar av landet eller utlandet i staden for å bruke lokalt produsert skog.
I Troms er ein ny type parkett laga av bjørk frå Troms kommen på marknaden, men det å komme inn i ein marknad dominert av store produsentar visar seg å ikkje være så lett for ei lita bedrift.

Lars Sponheim (V)

Svar

Lars Sponheim: Eg er oppteken av at vi utnyttar det potensialet som ligg i skogressursane. Det er etter mitt syn eit mål å auke bruken av tre og eg legg vekt på at Noreg blir eit land som i større grad enn tidlegare vidareforedlar trevirke.
Auka verdiskaping er ei av hovudprioriteringane i skogpolitikken. Internasjonale og nasjonale rammevilkår for skogbruk og trebearbeiding har endra seg, og det har over tid vore vist til redusert lønnsemd og lågare aktivitet. Dei utfordringane skogsektoren står overfor vil eg møte offensivt. Det same ser eg at skog- og trenæringa gjør.
Ein viktig reiskap som eg legg stor vekt på er Treprogrammet. Dette programmet blir finansiert av Landbruks- og matdepartementet og midlane blir forvalta av Innovasjon Norge. Gjennom programmet kan næringa nå gjennomføre ei satsing på nyskaping og marknadsretting for å auke bruken av trevirke. For å auke verdiskapinga er det vesentleg både å sjå på moglegheitene for å redusere kostnadane knytt til foredling og omsetning, og ikkje minst auke bruken og betre utnyttinga av tømmer. Innanfor ein heilskapleg tenking må ein ha fokus på materialbruk, det vi si tre og andre materialar må og skal utfylle kvarandre gjennom bevisst formgjeving, miljømessig og stadtilpassa for å skape gode produkt og løysningar basert på marknadens krav. Saman med dei andre offentlege virkemidlane til dømes skattefunn og midlar gjennom Innovasjon Norge, Fylkesmannen og Noregs forskingsråd meiner eg Treprogrammet legg godt til rette for nyskaping i næringa.
Etter mitt syn vil nok mykje av ansvaret for at lokal skog skal komme meir i bruk i trevareindustrien i Møre og Romsdal og arbeid med ny lokal vidareforedling i stor grad kvile på den regionale og lokale innsatsen.
Eg har lagt til rette for auka og målretta verdiskaping gjennom ei overordna strategisk tilnærming som tar utgangspunkt i ein ny nasjonal strategi for næringsutvikling, "Landbruk - mer enn landbruk". I kvart fylke skal Fylkesmannen koordinere arbeidet med regionale strategiar. Dei ulike strategiane skal gi betre rolledeling mellom nasjonale og regionale tiltak, og gi større handlingsrom regionalt i høve til deira spesifikke utfordringar og moglegheiter innanfor rammene av den nasjonale strategien.
Eg legg og vekt på å utvida det kommunale handlingsrommet. Frå 2004 overtok kommunane forvaltingsmynda for tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket. Kommunane står nå i stor grad stå fritt til å bruke skogmidlane slik de meiner det er fornuftig ut frå lokale tilhøve og prioriteringar. Dette inneberer mellom anna at kommunane kan prioritere midlar til skogbrukstiltak som sikrar framtidig verdiskaping enten dette er auka kvalitetsproduksjon eller forbetra framkomst til ressursane. Ei ny skogbrukslov som Stortinget nylig har handsama legg og til rette for eit utvida kommunalt handlingsrom.
Eg vil og leggje til at det er etablert eit forsterka samarbeid mellom Innovasjon Norge og Noregs forskingsråd innanfor skog- og treområdet for å styrke kunnskapskjeda mellom forsking, utvikling og kommersialisering.
Etter det eg kan sjå gjer både det offentlege og skognæringa i Møre og Romsdal ein innsats for å auke trebruken og vidareforedling av tre. Eg vil ikkje gå inn i vurderingar omkring einskilde bedrifter, men vil peike på at det er viktig at lokale og regionale krefter arbeider saman for å sikre auka hogst og utnytting av skogressursane og leggje til rette for ein effektiv organisering av trevirke frå stubbe til industri.