Skriftlig spørsmål fra Jorunn Ringstad (Sp) til miljøvernministeren

Dokument nr. 15:861 (2004-2005)
Innlevert: 08.06.2005
Sendt: 09.06.2005
Besvart: 17.06.2005 av miljøvernminister Knut Arild Hareide

Jorunn Ringstad (Sp)

Spørsmål

Jorunn Ringstad (Sp): I samband med val av trasé for ny riksveg 2 gjennom Sør-Odal, har det i mange år vore eit stort lokalt engasjement. Særleg har motstand mot alternativ Nord vore sterk. Då denne prosessen har teke lang tid, har det og komme nye og endra opplysingar til sidan Miljøverndepartementet sist gav si tilråding om traséval.
Vil miljøvernministeren no ta initiativ til ny handsaming av denne saka, ut frå nye opplysingar knytt til miljøkonsekvensane ved alternativ Nord?



Begrunnelse

Det har i mange år vore strid kring val av trasé for riksveg 2 gjennom Sør-Odal. Lokalt har engasjementet vore stort, det vart mellom anna halde folkeavstemming om vegalternativa. Også hjå lokale folkevalde organ har denne saka vore til handsaming fleire gonger. Vedtak om trasé for ny riksveg 2, vart fatta på grunnlag av Miljøverndepartementet si tilråding av alternativ Nord.
Miljøverndepartementet si konkludering var fatta på grunnlag av opplysingar frå Samferdselsdepartementet og Statens vegvesen. Ein del av desse opplysingane byggjer på fakta som no er endra. Dette gjeld mellom anna at det no er vedteke firefelts veg, ikkje tofelt. Miljøkonsekvensutredninga er gjort før Gardermoen vart opna. Ifølgje plan- og bygningslova skal slike utredingar eldre enn 5 år gjerast om att.
Det kan difor sjå ut til at den tilrådinga departementet har gjort, er fatte på feil grunnlag.

Knut Arild Hareide (KrF)

Svar

Knut Arild Hareide: Spørsmålet om framtidig løysing for ny riksveg 2 gjennom Sør-Odal kommune har vore svært grundig drøfta, og det har vore sterkt lokalt engasjement for og imot dei ulike traséalternativa. Folkeavstemminga syner og at det var vesentleg usemje lokalt. Dei tre mest aktuelle alternativa fekk om lag like mange stemmer.
Val av trasé for ny riksveg 2 gjennom Sør-Odal kommune vart avklara av Miljøverndepartementet i brev av 6. oktober 2003. Grunnlaget for departementet si avgjerd var den sakshandsaminga som Statens vegvesen og kommunen hadde gjennomført til handsaminga i kommunestyret. Dette gjaldt veg med to felt. Ei utviding til fire felt krev at det vert laga ein ny plan som fylgjer dei nye reglane for konsekvensutgreiing. Føresetnaden for departementet si avgjerd, var at omsynet til støy og luftforureining blir ivaretatt på ein god måte i det føreståande planarbeidet.
Etter dei gamle reglane for konsekvensutgreiing, var det krav om fornya utgreiing dersom tiltaket ikkje er starta opp innan fem år etter at det ligg føre bindande planvedtak. Dette er med andre ord ein frist knytt til gjennomføring av eit tiltak, og er såleis ikkje relevant når det er tale om eit planvedtak.
Eg er kjent med at det no er starta ein prosess med reguleringsplan for den nye vegen. Det er fylkesmannen si miljøvernavdeling som fylgjer opp planarbeidet slik at gjeldande miljønormer ikkje vert overskridne. Det er ikkje aktuelt for meg å gripe inn i ein pågåande reguleringsplanprosess.