Skriftlig spørsmål fra Jan Tore Sanner (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:162 (2005-2006)
Innlevert: 23.11.2005
Sendt: 23.11.2005
Besvart: 29.11.2005 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Jan Tore Sanner (H)

Spørsmål

Jan Tore Sanner (H): Vil Regjeringen vurdere innføring av høyere bilavgift i byene, eller vil Regjeringen aktivt oppmuntre til veiprising?

Begrunnelse

NTB rapporterte 22. november at samferdselsminister Liv Signe Navarsete på Transportdagene på Høgskolen i Molde fortalte at hun vil vurdere høyere bilavgifter i de store byene enn i distriktene, som et alternativ til veiprising. Samferdselsministeren mente at en høyere avgift knyttet til bilbruken i Oslo, Bergen og Trondheim kan gi en bedre effekt for det totale trafikkbildet, og samtidig forhindre noen uønskede fordelingseffekter. Dette har en gruppe i Samferdselsdepartementet sett på, fortalte samferdselsministeren til NTB, og at hun derfor vil vurdere økte bilavgifter opp mot blant annet veiprising.

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Biltrafikken påfører samfunnet kostnader i form av ulukker, luftureining, støy og trengsel. Desse kostnadene er vesentleg høgare i byområda enn i distrikta. For å redusere desse problema er det innført eit piggdekkgebyr i Oslo og Trondheim. Gebyret har ført til mindre bruk av piggdekk og betre luftkvalitet i desse byane.

I St.prp. nr. 1 (2005-2006) går Samferdselsdepartementet inn for å følgje ei tilrådning frå ei arbeidsgruppe om lågutsleppsoner, med sikte på mellom anna å gi kommunane høve til å innføre miljøavgift for tunge køyretøy i byområder. Samferdselsdepartementet følgjer no opp dette framlegget. Både piggdekkgebyr og ei eventuell miljøavgift for tunge køyretøy er etter mi vurdering døme på bilavgifter som berre vil gjelde i byane.

Når det gjeld vegprising, har Stortinget vedteke ein lovheimel for dette, jf. Ot.prp. nr. 32 (2000-2001) og Innst. O. nr. 64 (2000-2001). Lovheimelen er eit rammelovverk, og Samferdselsdepartementet må derfor utarbeide utfyllande forskrifter for ordninga før vegprising skal kunne takast i bruk.

Eg ser på vegprising som eit interessant verkemiddel, mellom anna fordi det vil medverke til å løyse dei aukande kø- og miljøproblema vi har i byområda. Det er primært i dei største byområda at vegprising kan vere aktuelt.

Eg vil vurdere dei ulike sidene ved saka, og så ta endeleg stilling. Eg vil understreke at vegprising er eit lokalt verkemiddel. Det er derfor bykommunane sjølv som vil avgjere om dei vil innføre dette verkemiddelet.