Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til fiskeri- og kystministeren

Dokument nr. 15:196 (2005-2006)
Innlevert: 30.11.2005
Sendt: 01.12.2005
Besvart: 07.12.2005 av fiskeri- og kystminister Helga Pedersen

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Kva vil statsråden gjere for dei seks autolinereiarane som er omtalte i "Fiskaren" 30. november 2005 og som hadde planlagt strukturkvote i 2006 etter at rederikvoteordninga går ut før nyttår i år?

Begrunnelse

Avisa Fiskaren skriv 30. november 2005 at seks autolinereiarar kjem særs dårleg ut av den strukturfrysen som Regjeringa har bestemt. Dei vedtekne overgangsordningane hjelper for mange av dei som var inne i ordninga, men det er enkelte som kjem særs dårleg ut.
Statsråden har frose ordningane på grunn av evaluering av igongsette ordningar. Det respekterer vi sjølv om vi er ueinige i at det trengst evaluering. Det som er litt vanskeleg å skjøne er kvifor det må få så store konsekvensar for aktørane i næringa når statsråden ikkje eingong har teke standpunkt til om ordningane skal vidareførast etter evalueringa.
Næringsaktørar i alle næringar ønskjer forutsigbare rammer for drifta si. Fiskerinæringa har så mange usikre rammer å halde seg til at om politisk usikkerheit skal vere ein tilleggsfaktor så skapar det unødvendig uro.
Store kvoteverdiar på 70-80 millionar vert, ifølgje Fiskaren, sette i spel på grunn av vedtaka statsråden har gjort. Næringa var kjent med at rederikvoteordninga skulle bort frå nyttår, men dei var ikkje kjent med at strukturkvoteordninga skulle frysast. For dei som hadde planlagt strukturering i 2006 skapar "frysen" unødige problem. Sett i lys av at statsråden berre skal evaluere må det kunne være mogleg å gje desse ei overgangsordning slik at dei ikkje må lide unødig og vert handsama på lik måte som andre grupper.

Helga Pedersen (A)

Svar

Helga Pedersen: Reierikvoteordninga vart oppheva i mars 2005 samstundes med innføringa av strukturkvoteordninga for havfiskeflåten. Då ordninga vart oppheva fekk likevel dei som allereie hadde fått tilsegn om rederikvote framover i tid, høve til å gå vidare på ordninga i samsvar med dei vedtak som var fatta.
Av dei få tilfella i den konvensjonelle flåten over 28 meter der dei individuelle rederikvotetildelingane går ut no ved årsskiftet, er det fleire som hadde søkt om strukturkvote før strukturpausen vart innført og som får eller har fått søknadane sine handsama uavhengig av denne. Eg vil likevel vurdere om vi kan gjere tilpassingar i reguleringa av fisket etter torsk, hyse og sei nord for 62°N i 2006, for å avhjelpa ulempene for den eine eller dei få som etter dette vert påverka av strukturpausen.