Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til finansministeren

Dokument nr. 15:747 (2005-2006)
Innlevert: 06.04.2006
Sendt: 07.04.2006
Besvart: 24.04.2006 av finansminister Kristin Halvorsen

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Regjeringsskifte i 2005 medførte gjeninnføring av grunnavgift på PET-flasker. I tillegg vart det innført miljøavgift på saftflasker og juicekartonger. Dette har sett mange arbeidsplassar ved ei produksjonsverksemd i Sogn og Fjordane i stor fare.
Vil statsråden medverke til at desse avgiftene vert fjerna, slik at ein kan unngå at mange arbeidsplassar i distriktsfylket Sogn og Fjordane står i fare for å forsvinne?

Begrunnelse

Regjeringsskifte medførte ein dramatisk auke i avgifter på PET-flasker og juicekartonger. Denne avgiftsauken er i ferd med å ta knekken på ei stor produksjonsverksemd i Sogndal i Sogn og Fjordane. For denne verksemda har avgiftsauken medført auka utgifter på mellom 25 og 30 mill. kr pr. år. Frå verksemda vert det hevda at grunnavgifta er konkurransevridande, og kan ikkje grunngjevast med miljøomsyn. Det kan ifølgje verksemda også stillast spørsmål ved mattryggleiken når flaskene vert nytta om og om og om igjen. Det vises til at kundar tidlegare til og med har funne sprøytespissar i igjenbrukte brus- og saftflasker, noko som også gjer at ein kan stille spørsmål ved kontroll av flaskene etter reingjering.
Innføring av miljøavgift på saft- og juice-/nektaremballasje med grunngjevnad i endra drikkemønster verkar mindre logisk. Saft- og juice/nektar har vore friteke for miljøavgift avdi dette er produkt som vert nytta i heimane og såleis ikkje forsøplar naturen.
Det vises elles til brev frå denne produksjonsverksemda i Sogn og Fjordane til Finansdepartementet, datert 21. oktober 2005, og til avisartikkel vedrørende denne saka i Sogn Avis av 4. april 2006.

Kristin Halvorsen (SV)

Svar

Kristin Halvorsen: Etter stortingsvedtaket om avgifter på drikkevareemballasje § 1 skal det svarast miljøavgift på drikkevareemballasje pr. stykk. Dette gjeld med mindre produktet er unnateke i § 2. Før 1. januar 2006 gjaldt det eit unntak for blant anna mjølk og juice.
Miljøavgifta på drikkevareemballasje skal prise kostnader ved at drikkevareemballasje vert kasta som søppel i naturen. Miljøavgifta vert fastsett etter innhaldet og arten av emballasje. Fastsettinga etter innhald/art skal avspegle kor sannsynleg det er at emballasjen vert kasta som søppel i naturen. Miljøavgifta er også skilt etter returdel, slik at emballasje som går inn i godkjende retursystem får minka miljøavgiftssats etter returdel.
Grunngjevinga for bortfallet av det tidlegare fritaket frå miljøavgifta for emballasje til mjølk og juice o.a. følgjer av St.prp. nr. 1 (2005-2006) punkt 3.18. I stortingsproposisjonen er det lagt til grunn at utvalet av mjølkeprodukt, juice o.a. har auka. Produktutviklinga og eit endra forbruk peikar i retning av at fleire no drikk mjølk, juice o.a. utanfor heimen enn tidlegare. Det er difor meir sannsynleg no enn tidlegare at slik emballasje vert kasta som søppel i naturen. Grunnlaget for å oppretthalde tidlegare avgiftsfritak er såleis ikkje lenger til stades.
Som nemnd ovanfor, minkar miljøavgifta etter fastsett returdel når drikkevareemballasjen inngår i eit godkjend retursystem. Ved ein returdel på 95 pst. fell miljøavgifta bort. Fastsetting av avgifta etter returdel påverkar bransjen til å utvikle retursystem som sikrar høg innsamlingsgrad. Returdelen for drikkekartongar er frå 1. juni 2005 fastsett til 65 pst. Ein returdel på 65 pst. gir ei miljøavgift for drikkekartongar på om lag 40 øre pr. kartong i 2006. Dersom mjølk, juice o.a. tas med i avgiftsgrunnlaget, er det rimeleg å tru at dette vil motivere bransjen til å betre retursystema slik at returdelen for drikkekartongar aukar. Det vil i så fall innebere ei ytterligare minking av miljøavgifta.
Når det gjeld grunnavgifta på eingongsemballasje kan eg opplyse at Finansdepartementet har motteke eit brev 27. februar d.å. (vedlegg) frå EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) som konkluderer med at avgifta er i strid med artikkel 14 i EØS-avtala (forbodet mot diskriminering). Finansdepartementet vil svare ESA innan 27. april.

Vedlegg til svar:

Brev av 27. februar 2006 fra EFTAs overvåkningsorgan (ESA), om den norske grunnavgiften på engangsemballasje, til Finansdepartementet. (Complaint concerning base tax on non-refillable beverage packaging in Norway.) Ref. nr.: 200500086 DH/gufl.