Skriftlig spørsmål fra Ingebrigt S. Sørfonn (KrF) til finansministeren

Dokument nr. 15:812 (2005-2006)
Innlevert: 27.04.2006
Sendt: 28.04.2006
Rette vedkommende: Fornyings- og administrasjonsministeren
Besvart: 08.05.2006 av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF)

Spørsmål

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): Mykje tyder på at det er uklårt kven som har ansvar for pensjonsutgifter, mellom anna regulering av løypande pensjonar og oppsatte pensjonar for tidlegare tilsette i næringsmiddeltilsyna.
Vil statsråden sørgje for ei klårgjering av ansvaret snarast mogleg, og vil statsråden ta initiativ til at det ikkje vert ny uklårleik ved eventuelle framtidige overføringar av oppgåver mellom ulike nivå i forvaltinga?

Begrunnelse

Dei kommunale næringsmiddeltilsyna vart innlemma i det nye Mattilsynet frå 1. januar 2004. Dei fleste tilsette vart overført til Mattilsynet. Eg er gjort merksam på at det er uklårt kven som skal dekkje kostnadene til regulering av pensjonar. Særskild nemner ein dei opparbeida reservane til dei som no er tilsette i staten, fripolisane til tidlegare tilsette (m.a. laboratorietilsette som Mattilsynet ikkje tilsette) og dei som allereie har gått ut i pensjon. Manglande klårleik på dette området har gjort det vanskeleg fleire stader å gjere ferdig avviklinga av næringsmiddeltilsyna.

Heidi Grande Røys (SV)

Svar

Heidi Grande Røys: Eg viser til brev frå Stortingets presidentskap av 28. april 2006 med skriftleg spørsmål nr. 812 frå stortingsrepresentant Ingebrigt S. Sørfonn til finansministeren. Eg er bedt av finansministeren til å svare på spørsmålet som rette vedkommande.

Eg er samd med representanten Sørfonn i at det er naudsynt å ha klare føringar for korleis reguleringspremien vert handsama.

Denne saka gjeld ikkje dei tilsette sine pensjonsrettar, men det økonomiske oppgjeret mellom stat og kommune når kommunale forvaltningsorgan vert førte over til staten. Pensjonsrettane til dei tilsette vil ikkje verte råka.

Kommunar og fylkeskommunar har pensjonsordningar der det er sett av fond som skal dekkje pensjonane som er tent opp. Etter 2004 er det klart at mellom anna framtidig regulering av pensjonane ikkje er finansiert gjennom pensjonsordninga, men må dekkjast etter kvart av arbeidsgjevaren. Dette gjer ein ved a betale premiar for det ein kallar "ikkje forsikringsbare" rettar. Ansvaret har ein i lang tid - så lenge arbeidstakarane som har tent opp pensjonen og dei etterlatne som har rett til pensjon, lever.

Det vil vere aktuelt for så vel aktive arbeidstakarar som vert overført til ny pensjonsordning, arbeidstakarar som har slutta med oppsette rettar, og arbeidstakarar som har gått av med pensjon.

Det dåverande Moderniseringsdepartementet mottok 22. november 2004 eit brev frå Kommunenes Sentralforbund (KS) der organisasjonen ber om ei klarlegging av om staten eller kommune/fylkeskommune har ansvar for å dekkje reguleringspremie/andre tilleggspremiar for den medlemstida som er tent opp i kommunale og fylkeskommunale pensjonsordningar.

Det vart i 2005 sett ned ei interdepartemental arbeidsgruppe for å vurdere ansvaret knytt til regulering av opparbeidde pensjonsrettar som var tent opp i kommunane før 2004. Rapporten er ferdig no og saka har vore til juridisk utreiing. Eg tek sikte på å fremje saka for Regjeringa med det fyrste.

Med verknad frå 1. januar 2004 vart fleire kommunale og fylkeskommunale arbeidsoppgåver førte over til staten. Rusomsorga er ført over frå fylkeskommunane til helseføretaka. Barnevernet og familievernet er lagt inn under Barne-, ungdoms- og familieetaten. Det statlege Mattilsynet har teke over oppgåver frå dei kommunale næringsmiddeltilsyna.

Regjeringa har ikkje teke endeleg stilling til om staten bør ta ansvaret for reguleringa av pensjonane til alle eller nokre av dei verksemdene som vart førte over til staten i 2004. Dette vil no verte gjort. Det er viktig at dette skjer på eit vis som er lett å administrere. Vi vil ta Kommunenes Sentralforbund med på råd om dette.