Ingrid Heggø (A): Er statsråden samd i at ordninga med bøtesoning skal avviklast, og kva alternativ til fengsel ser statsråden for seg?
Begrunnelse
Gjeldsfengsel er avskaffa i Noreg for lenge sidan. Likevel er det mellom 60 og 100 soningsplasser som vert belagt av bøtesonere pr. år. Ei omlegging av praksis i 2004 medførde ein betydeleg auke i antal bøtesonere, og dei fleste bøtesonarane sat på lukka avdeling.
Som sosialdemokrat finn eg det urimeleg at fattige må gå i fengsel, medan rike kan kjøpe seg fri. Same lovbrotet medfører svært ulikt straffenivå for rike og fattige.
"Subsidier fengselsstraff" er eit sterkt tvangsinndrivingsmiddel, men statens ønske om innbetaling kan og bør ikkje hevast over eit likestillingsprospekt, der fattige må gå i fengsel og rike kan betale seg ut av forseelsen/lovbrotet.