Skriftlig spørsmål fra Ingebrigt S. Sørfonn (KrF) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:921 (2005-2006)
Innlevert: 22.05.2006
Sendt: 23.05.2006
Besvart: 31.05.2006 av landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF)

Spørsmål

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): Frykta for spreiing av fugleinfluensa og faren for utvikling av ein mogleg pandemi, gjorde at norske tilsyn påla fjørfenæringa å halde fuglane sine inne. Einskilde økologiske produksjonar har som driftsform utegang og beiting på friareal. Dette er no ikkje mogleg og produsentane tapar si inntekt.
Vil statsråden sikre at også produsentar som driv økologisk fjørfehald basert på utegang og fribeite, får erstatning og då på eit nivå som speglar tapa i inntekt?

Begrunnelse

I Stortinget 7. mars gjorde statsrådane for helse og landbruk greie for vurderingar og tiltak knytte til faren for smitte frå fugleinfluensa. Eit viktig tema var korleis ein skulle hindre smitte frå villfugl til fjørfehald rekna for matproduksjon. Statsråden la då vekt på at erstatningsordningane skulle hjelpe bønder som vart råka av pålegg som følgje av tiltaka mot fugleinfluensa.
Eit av tiltaka som er vedteke er å halde fjørfe innomhus. Det råkar mellom anna økologiske produsentar som har lagt opp si driftsform basert på utegang og fribeite. Desse kan no ikkje drive etter denne metoden, og dermed har einskilde produsentar mista si nisje i matmarknaden. Eg er kjent med at departementet no arbeider med føresegner om erstatning der ein legg vekt på at erstatning skal knytast til pålegg etter påvist fugleinfluensa hos villfugl i området. Hittil er det så vidt eg kjenner til, ikkje påvist noko utbrot av fugleinfluensa i Noreg. Likevel er einskildprodusentar råka av restriksjonar knytte til tiltaka mot fugleinfluensa, mellom anna forbodet mot utegang for fjørfe rekna for matmarknaden.
Dei som driv økologisk fjørfehald basert på utegang og fribeite, har funne ein nisje i matmarknaden. Det er eit mål i landbrukspolitikken både å auke den økologiske matproduksjonen og fremje eit meir robust landbruk med varierte bruksformer og nisjeproduksjonar. Desse produsentane har ofte eit heilt anna kostnadsbilete og inntektstap ved restriksjonar enn det ein finn i konvensjonelt landbruk. Dette stiller regelverket for erstatningar ovanfor nye utfordringar, og ein må vurdere å ta inn kostnadsfaktorar i reknestykka for erstatning, som er knytte til omsetnad og vedlikehald av ein nisjemarknad. Prinsippet for erstatning må vere at dei speglar dei reelle inntektstapa.

Terje Riis-Johansen (Sp)

Svar

Terje Riis-Johansen: For å redusere risiko for smitte av aviær influensa frå ville fuglar til fjørfe og andre fuglar haldne i fangenskap, vart det i risikoområda forbode å halde fjørfe og andre fuglar i fangenskap utandørs. Dette går fram av forskrift av 5. desember 2004 nr. 1417 om mellombels førebyggjande tiltak for å hindra smitte med høgpatogen aviær influensa frå ville fuglar til fjørfe og andre fuglar haldne i fangenskap.
På same tid vart det for å redusere problema for dei økologiske produsentane, vedteke at fjørfe som er godkjent i samsvar med regelverket for økologisk produksjon ikkje misser status som økologisk, som følgje av krava i forskrifta. Det skulle derfor framleis vere mogeleg med økologisk produksjon sjølv om dyra vert haldne og fôra innandørs.
Statens landbruksforvaltning (SLF) har på oppdrag frå departementet vurdert dagens erstatnings- og forsikringsordningar. I denne utgreiinga går det fram at pr desember 2005 var 90 pst. av buskapane innan fjørfeproduksjon forsikra. SLF har også vurdert tap innan økologiske føretak og kunne ikkje sjå at det ville vera trong for spesielle erstatningsordningar for slike verksemder. I forslaget til mellombels forskrift som er omtala i neste avsnitt, er det likevel teke spesielle omsyn til økologisk produksjon ved at det vert gjeve høgre erstatning for økologisk fjørfe i høve til standard erstatning for vanleg fjørfe.
I tilfelle utbrot av aviær influensa på villfugl, har departementet førebudd ei mellombels utviding av erstatningsordningane etter offentleg påbod og restriksjonar i plante- og husdyrproduksjonen. Gjeldande vedtak gjev rett til erstatning for dei som får påbod og restriksjonar pga av utbrot på villfugl. Dyreeigarar har ikkje hatt mogelegheiter til forsikringsdekning dersom tapa skuldast tilhøve hjå villfugl. Det er mellom anna på denne bakgrunn det er førebudd ei utviding av dei statlege erstatningsordningane for produsentar som vert ramma av restriksjonar ved eventuelle utbrot av aviær influensa hjå villfugl.
Ut over dei nye mellombels erstatningsordningane som er førebudde, har eg ikkje planar om endringar av gjeldande erstatningsordningar.
Mattilsynet har utarbeid eit forslag til lemping av forbodet mot å halde fjørfe utandørs gjennom endring i forskrift av 5. desember 2004. Det vart halde eit høyringsmøte 24. mai 2006. I risikoområder vert det føreslege at fjørfe og andre fuglar i fangenskap kan haldast utandørs så fremt det vert etablert eit skilje og dermed ei skjerming mot mogeleg kontakt med aktuelle artar av ville fuglar. Endringane vil tre i kraft så snart det let seg gjere.