Skriftlig spørsmål fra Ingebrigt S. Sørfonn (KrF) til nærings- og handelsministeren

Dokument nr. 15:989 (2005-2006)
Innlevert: 07.06.2006
Sendt: 07.06.2006
Besvart: 14.06.2006 av nærings- og handelsminister Odd Eriksen

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF)

Spørsmål

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): Cermaq vedtok på siste generalforsamling i mai 2006 eit nytt opsjonsprogram for leiarane sine. Programmet gjer leiarane høve til å dra nytte av ein verdiauke i aksjane i selskapet, og må sjåast på som ein del av løna i selskapet. Staten er storaksjonær i Cermaq og har gjennom generalforsamlinga akseptert programmet.
Kva er statsråden si haldning til opsjonsprogram som del av leiarlønene i selskap med store statlege eigardelar?

Begrunnelse

Næringslivet har mange ordningar for godtgjering til sine tilsette. Bruk av opsjonar er mykje i søkelyset då slike program gjerne har store inntekter til leiarane i framgangsrike selskap. Cermaq har også tidlegare hatt opsjonsavtale for leiarane. Tidlegare finansminister Sigbjørn Johnsen skal ha uttalt at ein slik opsjonsavtale aldri ville blitt inngått i dag. Det nye programmet er meir moderat enn det gamle. Det er likevel eit faktum at bruk av opsjonsavtalar i tillegg til vanleg løn gjer lønsdanning til leiarane meir uoversiktleg. Det gjer det også vanskelegare å samanlikne lønssystema mellom selskapa. Godtgjeringar til leiarar er ofte haldningsskapande for resten av lønsdanninga i næringslivet. I ei tid der det er viktig med lønmoderasjon vert signal og førebilete frå leiarane svært viktig. I ein slik situasjon er det viktig med ei klår linje frå staten sine representantar i selskapa. Staten er anten eineeigar eller storeigar i fleire viktige selskap i Noreg. Det kan ikkje vera rett at desse selskapa skal liggja i tet når det gjeld lønsnivå og lønssystem for leiarar. Statseigarskap må ha sterk fokus på ansvarleghet, langsiktig tenking og verdiskaping i samfunnet.

Odd Eriksen (A)

Svar

Odd Eriksen: Det er styret i et selskap som tilset administrerande direktør og fastsett lønn og øvrige vilkår. Styret har høve til å vurdere om ei opsjonsordning er ein eigna del av eit samla system for godtgjering som skal sikre konkurransedyktig avlønning av leiinga og medarbeidarar i eit selskap, etter kva slags bransje selskapet opererer i og den samla økonomiske situasjonen i selskapet. Styret vil normalt måtte hente fullmakt på generalforsamlinga for å kunne bruke aksjar og opsjonar i insentivprogram. Dette gjeld òg Cermaq.
Dagens opsjonsprogram i Cermaq er meir moderat enn 2001-programmet. Det er lagt inn eit tak på 50 kr pr. opsjon i det nye programmet. Den maksimale gevinsten nokon kan få etter programmet er 2,5 mill. kr delt over tre år. Fleire i leiinga tek del i programmet samanlikna med tidlegare. I alt kan inntil 65 personar i leiande posisjonar delta med ei samla ramme på 1,1 mill. opsjonar over ein periode på tre år. Vinsten for den enkelte er soleis klårt avgrensa i verdi for den enkelte, men fleire medarbeidarar kan ta del i den nye ordninga.
Departementet har ikkje på prinsipielt grunnlag avvist bruk av opsjonar i næringslivet i selskap med statlege eigardelar. Eg tek sikte på å gjere greie for nokre hovudlinjer for slik bruk av aksjar og opsjonar i den komande eigarskapsmeldinga.
Som forvaltar av statlege aksjar vil eg kontinuerleg vurdere korleis styrer i selskap med statlege eigardelar handterer ansvaret knytt til utforming av opsjonar og andre insentivprogram basert på tildeling av aksjar.
Eg vil elles vise til forslag til endringar i aksjelovgjevinga om leiarløn i Ot.prp. nr. 55 (2005-2006) frå Justisdepartementet som no er til handsaming i Stortinget.