Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til fiskeri- og kystministeren

Dokument nr. 15:1063 (2005-2006)
Innlevert: 16.06.2006
Sendt: 19.06.2006
Besvart: 28.06.2006 av fiskeri- og kystminister Helga Pedersen

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Meiner statsråden at oppdrett av laks og ørret kan ha ulik miljøpåvirkning på villaksen, og vil det med bakgrunn i slik ulikskap vere aktuelt å ha ulike restriksjonar for oppdrett av dei to fiskeslaga?

Helga Pedersen (A)

Svar

Helga Pedersen: Fiskeri- og kystdepartementet har eit sterkt fokus på miljø i høve til oppdrett.
Problemstillinga som spørsmålet reiser er komplisert og samansett. Det er derfor ikkje mogleg å gi eit eintydig svar.
Ein ser i nokre samanhengar at regnbogeaure kan ha ein anna påverknad på miljøet enn oppdrettslaksen. Når det gjeld dei lokale miljøkonsekvensane, vil dei fleste faktorane vere like for både laks og aure. Det stillast krav om miljøundersøkingar både før lokalitetsklarering og under drifta.
Oppdrettskonsesjonane blir avgrensa gjennom kor mange kilo fisk det er tillate å ha til eikvar tid. Maksimal tillate biomasse (MTB) i oppdrett av laks og aure er 780 tonn (900 tonn i Troms og Finnmark).
Endring eller lemping på regelverket for aure vil kunne føre med seg eit auka press på miljøet, auka rømmingsfare og ein auka sjukdomsspreiing, til dømes av lakselus.

Sjukdommar

Havforskningsinstituttet meiner at rømt regnbogeaure held seg i fjordbassenga og ikkje går opp i elvane, men stoppar i elveosane. Sidan Gyrodactulus salaris døyr i saltvatn, meiner Havforskningsinstituttet at regnbogeaure ikkje vil være ein langtidsvert for Gyro. Lakselusa lever i saltvatn og kan derfor overførast frå regnbogeauge til villaksen. Ei eiga lakselusforskrift stiller krav om når oppdrettsfisk skal behandlast og korleis dette skal gjerast. Denne gjeld både for laks og regnbogeaure.

Rømming

Både fiskeristyresmaktene og næringa sjølv har sterkt fokus på å hindre rømming. Departementet har fastsett eit strengt regelverk på området. I tillegg til strenge driftskrav stillast det spesifikke krav til oppdrettsanlegg gjennom blant anna NYTEK-forskrifta. Fiskeridirektoratet har òg laga ein ny plan mot rømming med 29 punkt.
Regnbogeaure er ein framand art i den norske fauna, men har vore utsett i miljøet i lang tid, utan at meir enn nokre få sporadiske krysningar med vill aure er dokumenterte. Regnbogeaure utgjer såleis inga trussel om "genetisk forureining".
Ved at regnbogeaure ikkje går opp i elvane, uroar den heller ikkje gyteplassane for vill aure og laks. Regnbogeauren gyt om våren, mens villauren gyter om hausten. Dette minskar òg faren for genetisk forureining. Slik sett er ikkje farane like store ved rømming av oppdrettsaure som ved oppdrettslaks.
Det finst likevel andre faremoment i forhold til rømming. Slike negative konsekvensar som sjukdomsspreiing, rømming av fisk under medisinbehandling og negativ påverknad på oppdrettsnæringas omdømme kan vere vel så viktige.