Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): I 2004 vart regelverket for sjukmelding innskjerpa, for å gjera ordninga meir treffsikker.
Kva vil statsråden gjera for at intensjonane i omlegginga av sjukepengeregelverket pr. 1. juli 2004 vert følgt opp, og nødvendige kontrolltiltak og sanksjonar iverksette?
Begrunnelse
Av oppslag i Bergens Tidende 13. september i år går det fram at det innskjerpa regelverket for sjukmeldingar ikkje er følgt opp av trygdeetaten.
Mellom anna skulle prosedyren vera at før sjukmelding skulle legen vurdera kva arbeidsevne arbeidstakaren hadde, og legen skulle ha kontakt med pasienten sin arbeidsplass.
I same avisoppslag vert tidlegare president i Den norske lægeforening, Hans Kristian Bakke, referert slik:
"Grunnlaget for IA-avtalen var at arbeidsgjevaren i større grad forplikta seg i å tilrettelegge forholda for eigne arbeidstakarar. Det gav legane betre høve til å kunne nytte delvis sjukmelding som verktøy. Føresetnaden var ein betre dialog mellom arbeidstakar, lege og arbeidsgjevar."
Av oppslaget i Bergens Tidende den 13. september i år går det klårt fram at desse føresetnadane ikkje er oppfylte.