Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1241 (2005-2006)
Innlevert: 29.09.2006
Sendt: 29.09.2006
Besvart: 10.10.2006 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Vil statsråden bidra til at båtruta mellom Ålesund og Valderøy kan ta med passasjerar mellom desse to stadane i perioden med opprusting av Ålesundtunnelane?

Begrunnelse

Det er svært gledeleg at det nå vert sett i gang arbeid med opprusting av Ålesundtunnelane. Men arbeidet vil kunne skape svært store problem for gjennomføring av trafikken i store deler av perioden. Dei som bur i Giske kommune vil få langt dårlegare samband mot fastlandet, og flyplassen på Vigra vil bli mykje mindre tilgjengeleg for store passasjergrupper.
Etter vilkåra som vart sette då Ålesundtunnelane vart bygde, kan hurtigbåten ikkje ta med passasjerar mellom Ålesund og Valderøy i bompengeperioden. Når vi får omfattande stenging av tunnelane, vil ikkje desse kunne gi det tilbodet som var føresett i vilkåra.

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Rehabiliteringa av dei to tunnelane frå Ålesund til Vigra startar opp no i oktober.

Arbeidet skal vere ferdig i juli 2008. Dette er eit arbeid som er heilt nødvendig både på grunn av brannsikring og generell oppgradering av lys, ventilasjon og tryggleik.

Det er ikkje mogeleg å gjennomføre dette arbeidet utan omfattande restriksjonar av trafikken. I 2005 blei gjennomføringa av prosjektet handsama av både Ålesund og Giske kommunar som uttalte at dei ikkje ønskte full stenging av tunnelane, og bruk av ferje i anleggsperioden.

For Ellingsøytunnelen er det omkøyring via Ellingsøya på ca. 45 minutter frå Ålesund. For Valderøytunnelen er det ikkje mogelegheiter for omkøyring.

På bakgrunn av høyringsfråsegnene er i utgangspunktet følgjande trafikkavvikling planlagd i anleggsperioden:

- 2 køyrefelt opne i rushtrafikken, mellom kl. 07.00-09.00 og kl. 15.00-17.00 frå måndag til fredag.

- Berre eitt køyrefelt ope mellom kl. 09.00-15.00 og mellom kl. 17.00 og kl. 22.20. Trafikken blir då leia gjennom tunnelen i kolonnar med følgjebil.

- Det skal gjerast ein del arbeid som vil krevje nattestenging, t.d. sprenging og sprøyting av betong. I desse periodane vil tunnelen bli stengd for trafikk frå kl. 22.20 til 06.00. I samarbeid med entreprenøren vurderer prosjektet framleis om det kan la seg gjere å sleppe gjennom ein kolonne frå siste fly som landar på Ålesund lufthamn, Vigra kl. 23.55. Dette vil likevel hindre arbeidet og prosjektet vil bli seinka.

Det pågår for tida forhandlingar med entreprenøren om m.a. trafikkavvikling og opningstid i tunnelane. Resultatet av forhandlingane vil påverke kva for trafikale løysingar som vil bli valde.

Når forhandlingane med entreprenøren er sluttførte, og føresett at ein finn ei løysing i forhold til bompengeselskapet, er Statens vegvesen innstilt på at det kan gjevast unnatak frå løyvevilkåra for hurtigbåtruta slik at den i naudsynt grad kan ta med passasjerar. Statens vegvesen vil i tilfelle ta saka opp med fylkeskommunen som er løyvestyresmakt.