Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1242 (2005-2006)
Innlevert: 29.09.2006
Sendt: 29.09.2006
Rette vedkommende: Nærings- og handelsministeren
Besvart: 06.10.2006 av nærings- og handelsminister Dag Terje Andersen

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Fleire grunnstøytingar med bil- og passasjerferjer siste åra har skapt uro blant mange langs kysten.
Vil statsråden vurdere regelverket og praktiseringa av dette for å få redusert talet på desse alvorlege hendingane?

Begrunnelse

Også denne veka har det skjedd grunnstøyting med bil- og passasjerferjer på Vestlandet. Siste åra har det vore mange slike, men hittil har ein unngått dei store katastrofane. Det er ingen grunn til å leggje skjul på at såpass mange uhell, til dels i svartestille og klarvêr, skaper uro blant ferjebrukarane. Det blir også stilt spørsmål ved om det er slurv og umerksemd eller manglande regelverk som skaper problema. Eg vonar at statsråden vil gripe fatt i dette og få vurdert korleis ein kan få ned talet på uhell i denne viktige trafikken.

Dag Terje Andersen (A)

Svar

Dag Terje Andersen: Spørsmålet vert overført frå samferdselsministeren.

Regelverket for passasjerferjer i innanriks- og utanriksfart er i stadig utvikling. Norske styresmakter deltek aktivt i den internasjonale sjøfartsorganisasjonen IMO, som handsamar framlegg om endring av regelverk som skal betre tryggleiken til sjøs, og i EU sine møte på dette området.

Frå november 1999 har reiarlag som driv riks- og kommunalferjestrekningar vore forplikta til å gjennomføre årlege risikoanalysar av kvar ferje og ferjestrekning. På grunn av desse analysane er det gjort investeringar som viser seg å ha minska risikoen.

Ulykkesstatistikken for passasjertrafikk viser to tendensar. I dei siste åra har omfanget av personskadar vore uendra, samstundes som talet på uhell på grunn av teknisk svikt har gått ned. Sjøfartsdirektoratet har undersøkt fleire ulykker der primærårsaka tilsynelatande har vore teknisk feil, men der det har vist seg at ulykka skjedde på grunn av menneskeleg svikt.

Sjøfartsdirektoratet har difor prioritert å skaffa seg meir kunnskap om den menneskelege faktoren, og det er lagt opp til betre ulykkesrapportering. På den måten kan ein enklare slå fast den faktiske årsaka til ulykker. Med betre kunnskap om kvifor ulykker skjer, vil Sjøfartsdirektoratet setje i verk tiltak som har som mål å få ned talet på ulykker. Tryggleiken til sjøs, både for passasjerar og dei som arbeider om bord, kjem i første rekkje. Både departementet og direktoratet arbeider kontinuerleg for å betre tryggleiken til sjøs.