Skriftlig spørsmål fra Olav Akselsen (A) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:61 (2006-2007)
Innlevert: 16.10.2006
Sendt: 18.10.2006
Besvart: 25.10.2006 av utenriksminister Jonas Gahr Støre

Olav Akselsen (A)

Spørsmål

Olav Akselsen (A): Etter krigen mellom Israel og Hizbollah er det store problem med udetonert ammunisjon frå dei krigførande partane, og med blindgjengarar frå Israel sin utstrakte bruk av klasebomber. Det finst internasjonale lover for krigføring og for bruk av visse typar våpen.
Korleis blir Israel og Hizbollah sin krigføring og bruk av klasebombebruk vurdert i høve til internasjonale konvensjonar og lovgjeving, opprydningsansvar og erstatningsansvar?

Begrunnelse

FN sin naudhjelpskoordinator Jan Egeland hevdar det ligg rundt 100 000 udetonerte eksplosivar frå klasebomber igjen i Sør-Libanon. Egeland reagerte sterkt overfor Israel og karakteriserte landet sin bruk av klasebomber dei tre siste dagane av krigen som "fullstendig umoralsk".

- 90 pst. av klasebombene vart brukt dei siste 72 timane av konflikten, då me visste det ville bli ei løysing, sa Egeland.

Mineekspertar frå FN har slått fast at Israel nytta klasevåpen mot minst 170 landsbyar i Sør-Libanon.

- Slike våpen burde ikkje ha vore nytta i område med busetting. Me må handle svært raskt for å uskadeleggjera dei, sa FN sin generalsekretær Kofi Annan.

Ein rapport fra FN sitt menneskerettsråd overlevert 6. oktober i år konkluderer med at "Israel unngikk i mange tilfeller å skille mellom militære og sivile mål […] og ta de nødvendige foranstaltninger for å minimere skader på sivile".
Norsk folkehjelp og FNs koordineringssenter for mineaksjon opplyser at det er funne ca. 30 000 blindgjengarar frå klasebomber. Meir enn 15 menneske er drepne og over 90 såra av blindgjengarar som har eksplodert etter at krigen tok slutt. Det vil truleg ta 12-15 månader å uskadeleggjere blindgjengarane.
Minesjef i Norsk Folkehjelp, Per Nygaard, seier at blindgjengarar og udetonert ammunisjon skaper store problem for sivilbefolkninga, då bombene må ryddast vekk før gjenoppbygginga kan ta til for alvor.
Mineryddarar og sprengningsekspertar jobbar no døgnet rundt med å fjerne dei dødbringande restane etter dei rundt 1,2 millionar bomber, granatar og klasebomber som Israel fyrte av mot Libanon. Den israelske avisen Haaretz opplyser at Israel brukte 1 800 klasebomber mot Libanon i løpet av den månadslange krigen. Ei klasebombe innheld ca. 650 små klyngebomber som blir sprengt fritt i ei bestemt høgd. I praksis blir udetonerte klasebomber antipersonellminer. Sjølv ekspertar kan ha problem med å sjå desse bombene.

Jonas Gahr Støre (A)

Svar

Jonas Gahr Støre: Rapportar frå internasjonale humanitære organisasjonar viser at det både under og etter krigen i Libanon i sommar var fleire sivile enn militære offer for klaseammunisjon. Det er rapportert om bruk av klaseammunisjon frå begge dei krigførande partane.
Det har òg kome skuldingar frå det internasjonale samfunnet mot Israel om brot på den internasjonale humanitærretten. Noreg har ei klar forventing om at desse skuldingane vert nøye vurderte og svarde på, og dette er tydeleg kommunisert overfor Israel.
Noreg - som mange andre land - har oppmoda partane til å skaffe fram mest mogleg pålitelege opplysningar om bruken av klaseammunisjon, slik at dei ramma områda snarast mogleg kan gjerast trygge for sivilfolket att. Noreg deltek aktivt med tilskot til dette arbeidet med både kompetanse og økonomisk støtte.
Det finst ikkje noko folkerettsleg instrument som forbyr bruk av klaseammunisjon. Ei rekkje sedvanerettslege prinsipp i den internasjonale humanitærretten skal likevel nyttast og set rammer for bruken av slik ammunisjon.
Særleg relevant i denne samanhengen er prinsippet om at dei stridande partane må skilje mellom sivile føremål og militære mål, at dei ikkje skal bruke våpen som kan føre til skade eller uturvande liding, og at dei skal ta forholdsreglar for å verne sivile mot dei farane som følgjer av militære operasjonar, for å skåne sivilfolket.
Røynslene - ikkje berre frå krigen i sommar - men frå ei lang rekkje væpna konfliktar, har vist at desse prinsippa i seg sjølve ikkje er tilstrekkelege til å hindre bruk av klaseammunisjon med uakseptable humanitære lidingar som resultat.
I 2003 vedtok Noreg saman med ei rekkje andre land ein protokoll til konvensjonen om inhumane våpen (protokoll 5) for å avgrense dei humanitære skadeverknadene som eksplosive leivningar frå klaseammunisjon medfører. Protokollen har mellom anna føresegner om informasjonsutveksling og ansvar for rydding. Men protokollen har førebels berre 24 partar, og korkje Israel eller Libanon er mellom desse.
Når det gjeld spørsmålet om eventuelle skadebotkrav etter krigen i Libanon for brot på humanitærretten, er dette først og fremst ei sak mellom Libanon og Israel, og ikkje eit spørsmål det er naturleg for Noreg å ta stilling til no.
Men eksempelet Libanon viser tydeleg at det verkeleg trengst å styrkje humanitærretten på dette området. Dei menneskelege lidingane som bruk av klaseammunisjon fører med seg, vert av Regjeringa sett på som humanitært uakseptable. Det er difor Noreg vil gå i spissen - saman med andre likesinna land og internasjonale humanitære aktørar - for å få på plass eit internasjonalt forbod mot klaseammunisjon.