Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til kultur- og kirkeministeren

Dokument nr. 15:87 (2006-2007)
Innlevert: 20.10.2006
Sendt: 23.10.2006
Besvart: 02.11.2006 av kultur- og kirkeminister Trond Giske

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Store deler av befolkninga som betaler NRK-lisens mottek i dag ikkje signaler i det heile, eller mottek svært dårlege signaler, slik at dei kan sjå NRK2-programma. Sjølv om desse ikkje har mogelegheit til å sjå NRK2-programma må dei betale full lisensavgift. Dette betyr at dei betalar for ei vare dei ikkje får, eller som er svært dårleg.
Vil statsråden ta initiativ til at dei som ikkje kan sjå NRK2 eller må kjøpe parabolantenne, eller anna utstyr for å få sjå NRK2, får redusert lisensavgifta?

Trond Giske (A)

Svar

Trond Giske: Det går fram av kringkastingslova, føresegner om fjernsynsmottakarar og Stortingets årlege budsjettvedtak at den som har, eventuelt låner eller leiger ein fjernsynsmottakar, skal betale kringkastingsavgift. Eg viser særleg til § 1 første ledd i føresegner om fjernsynsmottakarar, der det heiter at:

"Den som har (bl.a. også den som låner eller leier) fjernsynsmottaker plikter å betale den kringkastingsavgift som til enhver tid er fastsatt av Stortinget."

Det avgjerande er såleis om ein har fjernsynsmottakar.

Stortinget drøfta 26. mai 2000 eit framlegg om reduksjon i kringkastingsavgifta for dei som ikkje kan ta inn NRK2, jf. Innst. S. nr. 189 (1999-2000). Framlegget vart ikkje vedteke.

Ved kongeleg resolusjon 2. juni 2006 fekk Norges Televisjon AS løyve til å byggje ut og drive eit digitalt bakkenett for fjernsyn. Det går fram av vilkåra for løyvet at NRKs kjernetilbod, mellom anna NRK2, skal vere tilgjengeleg utan betaling og ha lik dekning. Vidare er det stilt krav om at det digitale bakkenettet skal ha ein dekningsgrad på minst 95 pst. av den norske befolkninga, og at det skal byggjast ut slik at det når huslydar som ligg i såkalla satelittskuggar, det vil seie at dei ikkje har dekning frå satellitt. Dette inneber at heile befolkninga skal kunne ta imot NRKs kjernetilbod, anten frå det digitale bakkenettet eller frå satellitt. Det skal skje ei gradvis regional utbygging av det digitale bakkenettet slik at det blir lansert i dei første regionane i 3. kvartal i 2007, og med full landsdekning i 4. kvartal 2008.