Skriftlig spørsmål fra Bjørn Jacobsen (SV) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:354 (2006-2007)
Innlevert: 14.12.2006
Sendt: 14.12.2006
Besvart: 04.01.2007 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Bjørn Jacobsen (SV)

Spørsmål

Bjørn Jacobsen (SV): Kva gjør statsråden for å forsikre seg om at Statens vegvesen etterlever lovar og reglar på miljøområdet?

Begrunnelse

Den siste tida har det vore mykje lokal merksemd om at tunnelisolasjonen i Ålesundstunnelane innehalder bromerte flammehemmarar. Det kan sjå ut til at Statens vegvesen ikkje hadde undersøkt dette før dei starta arbeidet med å rive ut isolasjonen.
Samstundes starta Vegvesenet bygginga av Atlanterhavstunnelen i eit område som er registrert som forureina. Heller ikkje her var førebuingane gode nok. Naturvernforbundet har sendt fleire spørsmål til Samferdselsdepartementet om desse sakene, og dei viser der til at Statens vegvesen som ein stor offentleg aktør i byggjebransjen må vere eit førebilete i miljøspørsmål.

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Statens vegvesen har eit omfattande miljøstyringssystem som er gjort greie for i HB 221 Miljøstyring i Statens vegvesen. Miljøstyringssystemet er ein integrert del av Vegvesenet sitt kvalitetssystem, og det omfattar organisering, planleggjing, ansvarsforhold, praksis, prosedyrar, prosessar og ressursar for å utforme og gjennomføre miljøpolitikken. Linjeleiinga har ansvar for å sikre at miljøkrava blir følgt opp av konsulentar og entreprenørar som utfører arbeid for etaten. Statens vegvesen stiller dei same krava til eksterne som interne leveransar. Krav, mål og resultat som omhandlar miljøet, skal gå fram av dokumenta i miljøstyringssystemet. Desse skal vere identifiserbare og tilgjengelege, og haldast ved like på ein systematisk måte slik at det kan kontrollerast at miljøkrava blir følgt opp, og om miljøstyringa fungerer effektivt.

For større utbyggings- eller vedlikehaldsprosjekt blir det utarbeidd eigne Miljøoppfølgingsprogram. I interne retningsliner for Statens vegvesen av 6. desember 2001 heiter det:

"Det skal lages miljøoppfølgingsprogram for alle vegprosjekter av vesentlig størrelse og kompleksitet, dvs de prosjekter som krever konsekvensutredning. Det anbefales at miljøoppfølgingsprogrammet innarbeides i prosjektets kvalitetssystem."

Ifølgje retningslinene kan miljøoppfølgingsprogrammet innehalde:

- Miljøkrav gjennom planvedtak, til dømes krav i sluttdokumenta i konsekvensutgreiinga, og krav i reguleringsplanane gjennom til dømes reguleringsbestemmingane.

- Lovar, forskrifter, rundskriv og retningsliner på miljøområdet som skal følgjast opp.

- Høyringsutsegn og andre forhold som skal følgjast opp.

- Vegvesenet sine eigne miljømål for prosjektet.

- Korleis tiltak, både undersøkingar, overvaking og fysiske tiltak, skal gjennomførast for å innfri krav og mål for prosjektet med omsyn til miljø i dei ulike fasane.

- Beskriving av krav til dokumentasjon frå planleggjar eller entreprenør, både eksterne og interne.

- Kontrolltiltak som skal gjennomførast av Statens vegvesen.

Samferdselsdepartementet ser elles gjennom sitt etatsstyringsansvar av Statens vegvesen til at miljøomsynet blir ivareteke.

På bakgrunn av beskrivinga over er eg trygg på at Statens vegvesen har dei naudsynte styringssystema for ivaretaking av miljøområdet, og at etaten etterlever lovar og reglar på miljøområdet på ein tilfredsstillande måte.