Borghild Tenden (V): Vil samferdselsministeren ta opp problemet knyttet til dagpendlere fra Bærum til Oslo opp i Samordnet kollektivtransport, SKØ, og har samferdselsministeren fått dette organet til å fungere på en tilfredsstillende måte?
Begrunnelse
Problemene for de reisende fra Bærum til Oslo, og som før benyttet seg av Kolsåsbanen, er svært store. I et skriftlig spørsmål om samme sak, spørsmål nr. 291, skisserer samferdselsministeren noen forslag til løsninger. Det er bra, men det vil ta tid før disse løsningene er på plass. En rask løsning på problemet er trikk på Bærumssiden i den perioden som oppgraderingen i Oslo skjer.
Dette er en konkret sak som Samarbeidsorganet SKØ kan håndtere. Samferdselsministeren lovet i spørretimen den 24. mai 2006 at hun ville få dette organet til å fungere bedre:
"Me har nettopp hatt eit møte i SKØ som vart leidd av statssekretæren min, fordi eg var ute og reiste. Det var meininga at eg skulle leie møtet, men eg måtte endre den planen.
I det møtet kom det fram at ein kanskje treng å diskutere korleis dette arbeidet skal gjerast. Ein hadde heilt sikkert gode intensjonar då ein starta dette organet, men det var kanskje ikkje godt nok gjennomarbeidd i forhold til innhaldet i møta.
Det me no er einige om, er at me fram til neste møte på kvar vår plass skal setje oss ned og tenkje igjennom korleis me vil nytte dette organet, slik at det verkeleg skal verte eit organ for handling og ikkje berre eit organ der me på ein måte diskuterer problemstillingar, og så kanskje ikkje kjem så mykje lenger. Dei konkrete resultata så langt når det gjeld SKØ, er kanskje ikkje så gode som ein hadde von om då ein starta dette organet, men eg ser at det er ein viktig møteplass. Eg ser òg at det er viktig at me får konkrete saker og konkrete handlingar ut av dei møta som kjem, og det kjem eg til å følgje opp framover."