Skriftlig spørsmål fra Ingebrigt S. Sørfonn (KrF) til fiskeri- og kystministeren

Dokument nr. 15:395 (2006-2007)
Innlevert: 04.01.2007
Sendt: 05.01.2007
Besvart: 12.01.2007 av fiskeri- og kystminister Helga Pedersen

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF)

Spørsmål

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): Ved Fedje i Hordaland ligg det eit tysk ubåtvrak med ca. 65 tonn kvikksølv om bord. I praksis er dette ei tikkande miljøbombe. Kystverket har tilrådd at vraket ikkje skal hevast, men at det skal tildekkast der det ligg. Mange er, med god grunn, urolege for at dette berre er ei utsetjing av problemet.
Vil statsråden vurdera alle muligheter for å heva vraket, slik at denne grove miljøtrusselen kan fjernast?

Begrunnelse

Ubåtvraket ved Fedje har skapt uro og frykt hos mange. Det er all grunn til dette, for ei last med om lag 65 tonn kvikksølv som bokstaveleg talt ligg midt i det marine matfatet er ingen god situasjon.
I fleire år har myndighetene vurdert kva som kan gjerast. Det er i praksis berre to alternativ; anten heving eller tildekking. No har Kystverket tilrådd tildekking. Dette skaper ny uro hos mange, for spørsmålet som vert reist er om dette er ei god nok sikring mot framtidige kvikksølvlekkasjar. Mange tvilar sterkt på om dette er godt nok. Ein hevingsprosess er heller ikkje utan risiko, men med den ekspertise på krevande undervannsoperasjonar som finst i landet vårt bør mulighetene for ein vellukka hevingsoperasjon vera svært gode. Ei heving vil fjerna den tikkande miljøbomba som ligg ved Fedje, og med det også fjerna den reelle uro og frykt som mange vil ha så lenge ubåtvraket vert liggjande. Bakgrunnen for spørsmålet er ei oppmoding til statsråden om å snu alle steinar for å finna ei forsvarleg løysing på heving og fjerning av ubåtvraket ved Fedje i Hordaland.

Helga Pedersen (A)

Svar

Helga Pedersen: Mi målsetjing er at kvikksølvforureininga frå vraket av U-864 blir handtert på ein miljømessig forsvarleg måte. Dette vart understreka frå Fiskeri- og kystdepartementet si side då Kystdirektoratet i brev av 29. juni 2006 blei beden om å gjere ytterlegare undersøkingar av vraket og gje ei fagleg tilråding om tiltak for å handtere fara for forureining frå vraket.
Den faglege konklusjon i rapporten Fiskeri- og kystdepartementet mottok den 18. desember 2006 frå Kystdirektoratet er at ein bør kapsle inn vraket og forureina sediment med reine massar. Kystdirektoratet sine vurderingar og konklusjon om tiltak er både basert på fysiske undersøkingar av vraket og området rundt dette i 2005 og 2006 og vurderingar frå ei rekke fagmiljø - både norske og utanlandske. Eg vil særleg peike på at moglegheita for å heve vraket er vurdert av det nederlandske bergingsfirmaet Smit Salvage, som mellom anna har erfaring får hevinga av den russiske ubåten "Kursk". Norsk institutt for vannforskning (NIVA) har mellom anna vurdert miljøkonsekvensane ved å mudre ved vraket og ved å dekke til vraket og forureina sediment. NIVA har i denne samanheng diskutert saka med det amerikanske Sediment Management Working Group. Noregs geologiske institutt (NGI) har gjort geotekniske undersøkingar og vurderingar av havbotnen. Det norske Veritas (DnV) har gjort ei konseptvurdering av forskjellige sarkofagløysingar for ei tildekking. Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES) og Havforskningsinstituttet har gjort nye analyser av kvikksølvinnhald i fisk og sjømat ved vraket.
Som bakgrunn for Kystdirektoratet sine vurderingar har DnV òg gjort ei risikovurdering av dei alternative tiltaka. Kystdirektoratet spesifiserte at DnV i denne risikovurderinga skulle ha omsynet til miljøet på kort og lang sikt som viktigaste målsetjing. DnV si risikovurdering gjev ein klar indikasjon på at heving av vraket har størst miljørisiko på kort sikt. Miljørisikoen vil være relativt låg etter både tildekking og heving. Tildekkingsalternativet gjev såleis lågast miljørisiko samla sett. Kystdirektoratet har òg peika på at det internasjonalt er gjennomført ca. 30 større tildekkingsprosjekt av kvikksølvforureina masser dei siste 20 åra og at det ikkje ligg føre indikasjonar på at desse tiltaka har vore mislukka.
Eg har forståing for at det frå ulike hald blir kravd å heve vraket sidan dette alternativet intuitivt synest som egna til å fjerne faren for forureining. Det avgjerande ved val av metode for å handtere denne faren for forureining må være å ta vare på miljøet på ein god måte, både på kort og lang sikt. Etter mi vurdering synest det som det er eit grundig faglig fundament som ligg til grunn for Kystdirektoratet sine vurderingar og konklusjon. Ulike sider ved situasjonen ved vraket og alternativa for å handtere forureininga synest å være grundig vurdert av ulike fagmiljø på området og det er trekt på tidligare erfaringar som er gjort både nasjonalt og internasjonalt.