Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til fiskeri- og kystministeren

Dokument nr. 15:426 (2006-2007)
Innlevert: 12.01.2007
Sendt: 15.01.2007
Besvart: 19.01.2007 av fiskeri- og kystminister Helga Pedersen

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Firmaet Welltug Shipping AS i Vanylven på Sunnmøre har tidlegare vore i kontakt med Fiskeri- og kystdepartementet om eit prosjekt for å kombinere slepebåt med brønnbåt for å få meir slepekapasitet for pengane.
Vil statsråden ta initiativ til vidare samarbeid med Welltug Shipping AS om denne saka?

Begrunnelse

I brev datert 8. juni 2006 til fiskeri- og kystministeren la firmaet Welltug Shipping AS i Vanylven kommune på Sunnmøre fram ein idé som går ut på å kombinere ein slepebåt med ein brønnbåt som også kan nytte sin tankkapasitet til oljeoppsamling i ein katastrofesituasjon. Formålet med prosjektet er å få sikrare og betre slepekapasitet og -beredskap langs kysten vår.
29. juni 2006 svarte departementet at "Departementet har til behandling en rapport fra Kystverket angående nasjonal slepeberedskap langs norskekysten. Deres synspunkter vil tas med i det videre arbeidet".
Welltug Shipping AS har jobba lenge med dette prosjektet og vil gjerne ha signal om eit slikt samarbeid kan vere aktuelt. Eg vonar at behandlinga av rapporten frå Kystverket er kome såpass langt at statsråden kan gi litt klarare signal i denne viktige saka.

Helga Pedersen (A)

Svar

Helga Pedersen: Mi målsetjing er at vi skal ha ein god og riktig tilpassa slepebåtberedskap langs kysten. Slepebåtberedskapen baserer seg i dag på tilgjengelege private aktørar i marknaden. Det er etablert ein statleg beredskap i Nord-Noreg grunna manglande privat kapasitet i landsdelen. Kystverket har utgreidd slepebåtberedskapen nasjonalt i ein rapport som vart lagt fram i januar 2006. Rapporten konkluderer med at slepebåtberedskapen bør styrkast på enkelte stader. For Vestlandet og Sør-Noreg er det peika på naudsynet for styrka beredskap.

Det er fleire moglege måtar å etablere og organisere ein slepebåtberedskap, og ulike modellar er til vurdering. Korleis ein eventuell slepebåtberedskap skal organiserast er det ikkje teke stilling til.

Det er såleis ikkje mogleg å gje eit svar til Welltug Shipping AS no. Det kan nemnast at andre føretak med gode idear om samarbeid med staten om slepebåtberedskapen har vore i kontakt med departementet. Vi kan difor ikkje love eit enkelt føretak midlar eller gje andre lovnader. Om private slepefartøy skal inngå i ein statleg beredskap, vil det bli lyst ut til offentleg anbodskonkurranse slik lovverket krev.