Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til fornyings- og administrasjonsministeren

Dokument nr. 15:532 (2006-2007)
Innlevert: 02.02.2007
Sendt: 02.02.2007
Besvart: 09.02.2007 av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Samlokaliserte etatar i Førde (SEIF) har sendt ut konkurransegrunnlag der det vert bede om tilbod på nybygg på 55 00 kvm. Formålet er å samlokalisere statlege, fylkeskommunale og kommunale etatar. Resultatet er at det vert ståande enorme tomme lokalar i Førde, og offentlege midlar vert nytta til å øydeleggje for privat initiativ.
Vil statsråden gå inn for å hindre ei rasering av eigedomsnæringa i Førde, ved å syte for at det vert sett i verk ei konsekvensutgreiing av den planlagde offentlege utbygginga?

Begrunnelse

Det er utsendt konkurransegrunnlag frå det som vert kalla Samlokaliserte etatar i Førde (SEIF), der tilbydarar kan melde seg på i kampen om å tilby egna lokalar til statlege, fylkeskommunale og kommunale etatar, som i dag leiger kontorlokalar i Førde. Plana er å sette opp eit nytt bygg på 5 500 kvm.
Det er i dag i overkant av 15 000 kvm ledige kontorlokalar i Førde sentrum, fordelt på ei rekkje utleigarar. Det manglar difor ikkje på konkurranse på utleigmarkedet av kontorlokalar i Førde. Fleire er i dag i ein situasjon der dei må leige ut til spottpris. Ei ny utbygging på 5 500 kvm vil føre til ein katastrofal auke i kontorlokalitetar i Førde. Dette må nødvendigvis føre til at det vert ståande enorme mengder tomme lokalar i Førde, og prisane vil verte pressa under det som er drivverdig for eigarane/utleigarane. Dersom det ikkje er mogleg å tene pengar på utleige av eksisterande lokalar vil dette gå ut over vedlikehald, som igjen kan medføre til stort forfall på bygningsmassen. Skulle dette verte framtidig situasjon i Førde vil det verte eit lite vakkert syn.
I dette tilfelle vil det vere det offentlege som forkludrar eigedomsmarkedet. Private aktørar vil aldri gå inn for å byggje nye lokalar der markedet er så metta som det i dag er i Førde. Beskuldingane vil kunne verte at det offentlege nytta skattebetalarane sine pengar for å øydeleggje for privat initiativ.
Med dagens byggeprisar er det lite sannsynleg at ein vil oppnå billigare husleige ved å byggje sjølve, tvert i mot.
Ei konsekvensutgreiing før nybygg vert setje i verk ville gje svar på korleis situasjonane på utleigemarkedet i Førde er i dag, og korleis situasjonen vil verte etter den planlagde utbygginga.

Heidi Grande Røys (SV)

Svar

Heidi Grande Røys: For meg er det viktig at statlege etatar vel kontorløysingar som er billige og funksjonelle både i høve til tilgjenge for innbyggjarane og det arbeidet som skal gjerast i den einskilde etaten. Det er òg viktig at statlege leigetakarar er fleksible slik at dei raskast råd justerer eller inngår nye avtalar for at desse vert best mogleg tilpassa den trongen etaten har og til ein låg pris. Etter det eg forstår er både fylkeskommunen i Sogn og Fjordane og Førde kommune interessentar i dette prosjektet.
På staten si side er det slik at det er det einskilde departement eller etat, dersom mynde er delegert, som har ansvar for å sjå til at det vert gjort avtalar om leige av kontorareal. Likevel ser eg fleire positive sider ved samlokaliseringar. Særleg tenkjer eg på brukarane, men og på dei gevinstane små etatar vil få ved samarbeid om administrative fellestenester. Erfaringar viser at kvaliteten aukar og utgiftene går ned. Dette er positive samfunnseffektar vil vi skal oppmuntre til at blir realisert.
Når det er sagt, vil eg nemne at Stortinget nå har til handsaming St.meld. nr. 12 (2006-2007) Regionale fortrinn - regional framtid, som mellom anna drøftar ei ny oppgåvefordeling mellom forvaltningsnivåa og ei ny regioninndeling. Med bakgrunn i dette til vil eg understreke at staten ikkje bør gjere vedtak nå som seinare fører til uheldige bindingar for dei nye regionane, verken økonomisk eller administrativt. Derfor vil eg gje fylkesmannen i Sogn og Fjordane beskjed om at han ikkje gjer disposisjonar knytt til lokalisering av si landbruksavdeling, som ligg i Førde, før Stortinget har gjort endeleg vedtak om inndeling og oppgåvefordeling.
Når det gjeld spørsmålet om å gjennomføre ei konsekvensutgreiingar er dette ei sak som må handterast lokal, i samband med den kommunale planlegginga. Eg vil såleis ikkje sette i verk tiltak slik det vert bede om i spørsmålet.