Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til miljøvernministeren

Dokument nr. 15:540 (2006-2007)
Innlevert: 02.02.2007
Sendt: 05.02.2007
Besvart: 12.02.2007 av miljøvernminister Helen Bjørnøy

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Atomgjenvinningsanlegget i Sellafield vart stengt i 2005, mellom anna etter sterkt press frå den forrige norske regjeringa. Nå blir det hevda at britiske styresmakter vil åpne anlegget på nytt. Dette vil vere til stor skade for miljø og næringsliv også langt norskekysten. Spesielt fiskeri- og havbruksnæringa vil kunne bli hardt ramma.
Kva vil statsråden og Regjeringa gjere for å bidra til at Sellafield-anlegget framleis skal vere stengt?

Helen Bjørnøy (SV)

Svar

Helen Bjørnøy: Som kjend vart det eine av dei to gjenvinningsanlegga for brukt atombrensle i Sellafield, det såkalla THORP-anlegget, stengt i april 2005. At THORP vart stengt, skuldast ein større intern lekkasje av høgradioaktiv væske som har skapt alvorlege problem for den vidare drifta av anlegget. Dei utsleppa som vart stansa etter kraftig press frå den førre norske regjeringa, var utslepp av technetium-99 frå behandlinga av flytande radioaktivt avfall frå det andre gjenvinningsanlegget i Sellafield, det såkalla B205. Utsleppa av technetium-99 vart stansa ved at nye metodar for reinsing vart tekne i bruk. Ingen av dei to gjenvinninningsanlegga i Sellafield vart stengde som resultat av dette.
Dersom THORP vert opna på nytt, slik britiske styresmakter no har gjeve løyve til, vil dette ikkje bety at utsleppa av technetium-99 igjen vil auke. Problemet med THORP er ikkje i fyrste rekkje dei regulære utsleppa til havet, men faren for store akutte utslepp dersom det skulle skje ei ulukke ved anlegget. Reprosesseringa ved THORP fører til at store mengder flytande, høgradioaktivt avfall hopar seg opp i Sellafield. Eit større utslepp av slikt avfall vil kunne gjere stor skade på menneske og miljø, også i Noreg. Det er spesielt store utslepp til luft som kan ramme Noreg hardt, slik utsleppa frå atomkraftverket i Tsjernobyl gjorde for over 20 år sidan. Sjølv om fiskeri- og havbruksnæringa og kan bli ramma, er det landområda og utmarksnæringar som saue- og reindrift som er mest sårbare. Samstundes som potensialet for alvorleg forureining er stort, viser lekkasjen i 2005 og fleire tidlegare hendingar, at sikkerheita ved THORP-anlegget ikkje er god nok. Regjeringas syn er difor at THORP burde vore stengt for godt etter lekkasjen som vart oppdaga i april 2005. Dette er ei sak som både statsministeren, utanriksministeren og eg har teke opp med våre britiske kollegaer. Som leiar for det nordiske ministerrådet for miljø, tok eg og sist sommar initiativ til eit felles nordisk brev til den britiske miljøvernminister om saka.
At britiske styresmakter no har gjeve løyve til å starte opp att THORP-anlegget er difor svært skuffande. På grunn av nye tekniske problem ved anlegget er det grunn til å tru at THORP først vil kunne starte opp att om 4-5 månader.
Signaler frå britiske styresmakter tydar på at THORP-anlegget vil bli lagt ned for godt omkring år 2010, då gjeldande kontraktar om reprosessering etter planen skal vere fullførte. Både frå norsk og nordisk side har vi understreka at vi ser det som særs viktig at drifta av THORP ikkje blir ført vidare etter 2010.
Etter at britiske styresmaktar gav løyve til å opne THORP på nytt, er det norske synet nok ein gong blitt formidla til dei britiske styresmaktane. I eit møte mellom det norske og det britiske Strålevernet har ein frå britisk side gjort greie for grunnlaget og vilkåra for avgjerda om å gi samtykke til at THORP kan starte opp på nytt. Strålevernet har og bedt om ytterligare utgreiing om dette frå britiske styresmaktar.
Alt i mai i fjor hadde eg eit møte om framtida for Sellafield og THORP med det britiske National Decomissioning Authority (NDA), som både eig Sellafieldanlegget, og har ansvaret for oppryddinga etter verksemda der og ved andre sivile britiske atomanlegg. Seinare på våren vil eg ha eit nytt møte med NDA for på nytt å drøfte spørsmålet om stenging av THORP.
Eg har òg drøfta saka med min irske kollega. Vi er sameinte om at THORP burde stengjas for godt, og vi vil samarbeide nærare for å sikre nabolandas interesser. Det er no samtalar mellom norske og irske styresmakter om nye felles initiativ i saka.
I arbeidet med Sellafield-spørsmålet har vi elles eit særs godt samspel med dei norske ambassadane i London og Dublin. Dette tener blant anna til å gjera dei norske synspunkta betre kjende i dei to landa.