May-Helen Molvær Grimstad (KrF): Ein del ungdomsskular har hatt tradisjon med skuleturar t.d. med Hvite Busser til Auschwitz. Praktisering av gratisprinsippet og forbod mot lotteri gjer det svært vanskelig å finansiere slike turar. Vi er kjent med at skuleklasser blir oppfordra til å bruke frivillige organisasjonar til å stå som proforma arrangør av lotteri, for så å formidle pengane vidare til skuleklassa.
Burde forskriftene gje høve til ein noko breiare bruk av skjønn enn dei gjer i dag, slik at skuleklasser kan halde lotteri i eiga regi?
Begrunnelse
Fleire skular finn det vanskeleg å skaffe finansiering til viktige skuleturar, på grunn av dagens regelverk. I ei kommune har ei foreldregruppe fått kunst frå lokale kunstnarar til å lodde ut. Inntektene skulle gått til å finansiere ein skuletur med Hvite Busser til Auschwitz for å bevisstgjere ungdom om kor viktig det er å verne om demokrati og menneskerettar.
Foreldregruppa får ikkje godkjent eit slikt lotteri, fordi skuleturar blir anset som eit offentleg ansvar, og det er i all hovudsak ideelle organisasjonar som får ha slike lotteri. Det er viktig at alle barn får høve til å være med på felles utflukter, og at familien sin økonomi ikkje hindrar dette. Samstundes er det viktig at ein får eit større rom for å skaffe seg inntekter, for å finansiere slike turar. Dagens regelverk vil på sikt medføre at mange slike turar blir skrinlagt, og mange unge går glipp av nyttig lærdom.