Skriftlig spørsmål fra Torstein Rudihagen (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:871 (2006-2007)
Innlevert: 02.04.2007
Sendt: 03.04.2007
Besvart: 20.04.2007 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Torstein Rudihagen (A)

Spørsmål

Torstein Rudihagen (A): Auken i tungtrafikken er ei stor påkjenning for mange lokalsamfunn, og spesielt for bygder som ligg ved stamvegstrekningar. Lesja er eit døme på eit slikt bygdesamfunn med mange plager frå den tungt trafikkerte E136 som går gjennom bygda.
Kva meiner statsråden kan gjerast for å betre tilhøva i bygdesamfunn med stor trafikk og store trafikktryggleiksutfordringar?

Begrunnelse

Midt på 1990-tallet opplevde folk i Lesja den aukande tungtrafikken på E136 som stadig meir plagsam. Da var talet på vogntog ca. 350 pr. døger. Talet har no auka til om lag 420 vogntog i døgeret.
Som ein følgje av det sterke lokale engasjementet er det bygd gang- og sykkelveg i delar av bygda, og det finst konkrete planar som vil gje heile den 60 km lange bygda gang- og sykkelveg innan 2012. Men undervegs har det vorte klart at denne vegen for dei mjuke trafikantane berre vil løyse nokre av dei problema som tungtrafikken påfører bygda.
Vegen er smal, og somme stader er det svært små marginar når vogntog møtest. I vinter har folk i bygda opplevd spesielt store problem med vogntoga, og inntrykket er at farten har auka på den smale vegen samstundes som bilane er dårlegare utstyrt. Ein stor del av bilane er utanlandske. Og det har vore mange utforkøyringar med vogntog.
I Lesja innser ein at på kort sikt vil det ikkje vere mogleg verken å byggje ein tryggare E136 gjennom bygda, eller å auke godskapasiteten i stort monn på Raumabanen, som går parallelt med vegen.
Men det må likevel skje betringar fort. Lokalt ønskjer ein no ei tiltakspakke for auka frekvens på fartskontrollar, kontroll med vogntoga og nedsett fart frå 80 til 70 km/t. Til å gjennomføre denne tiltakspakka er det sannsynlegvis naudsynt med eit initiativ frå staten og ei spesialløyving i ein eller annan form.
Det er også eit faktum at vintervedlikeholdet er for dårleg på strekninga, og at dette bør inngå i ei heilskapleg løysing.

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Slik vegnettet i vårt land er utforma, er det mange stader der den aukande tungtrafikken kjem i konflikt med bygder og tettstader som ligg ved stamvegane. E136 gjennom Lesja er eit slikt døme.
E136 og Raumabanen er ein viktig korridor for godstransport mellom Austlandet og Møre og Romsdal. Undersøkingar viser at jernbanen har ein marknadsdel på mellom 40 og 50 pst. av stykkgodstransporten mellom Oslo og Møre og Romsdal. For all godstransport i Romsdalen er jernbanen sin marknadsdel noko lågare. Det er ein overordna strategi i arbeidet med Nasjonal transportplan 2010-2019 å få meir godstransport på jernbanen. I statsbudsjettet for 2007 har Regjeringa løyvt om lag 450 mill. kr til tiltak og prosjekt med særskilt nytte for godstransporten på jernbane. Å leggje til rette for smidig omlasting, meir punktleg transport, auka kapasitet på jernbanenettet (i form av fleire og lengre kryssingsspor) og på godsterminalene er dei viktigaste tiltaka. I statsbudsjetta for 2008 og 2009 og i det vidare arbeidet med Nasjonal transportplan vil det bli vurdert ytterlegare tiltak for å auke godstransporten på jernbanen. Med den raske veksten i godstransporten, må det likevel reknast med stor del tungtransport på E136 også i tida framover.
E136 gjennom Lesja har ei trafikkmengde på om lag 2 800 køyretøy i døgnet ved Dombås i aust og om lag 1500 i døgnet ved Bjorli i vest. Av desse er om lag 400 vogntog og lastebilar.
Det har i lengre tid vore eit sterkt engasjement i bygda for å betre trafikktryggleiken for dei mjuke trafikantane. Dette har resultert i eit spleiselag der kommunen har finansiert nær halvparten av kostnadene med å byggje gang- og sykkelveg langs E136 gjennom delar av bygda. Såleis har ein kunne strekkje dei statlege løyvingane og få bygt lengre strekningar med gang- og sykkelveg. Vidare utbygging av gang- og sykkelveg gjennom bygda skjer både som spleiselag og i rein statleg regi.
I 2006 blei det òg sett opp fire fotoboksar (ATK punkt) for å redusere fartsnivået. Registreringar frå fotoboksane viser at det er langt fleire tunge køyretøy som bryt fartsgrensa enn det deira del av trafikken skulle tilseie. Fartsoverskridingane i 60-sonene har til dels vore store. Strekninga kan også vera aktuell til vidare utprøving av streknings-ATK.
Statens vegvesen har med jamne mellomrom vurdert fartsgrensene gjennom Lesja i forhold til gjeldande nasjonale kriterium. Vegvesenet føretek no ein ny gjennomgang av fartsgrensene på den aktuelle strekninga. Særleg vil vinterfartsgrense på 70 km/t i staden for 80 km/t bli vurdert. Det viktigaste er likevel å finne tiltak som gjer at trafikantane respekterer og held den fartsgrensa som er sett. Politiet har allereie auka frekvensen på fartskontrollar ved å gi denne strekninga høgaste prioritet for kontrollar, og frå og med februar i år har det vore døgnkontinuerleg bruk av fotoboksane. Dette vil ein halde fram med. Men ressurssituasjonen gjer det ikkje mogleg å leggje mange manuelle fartskontrollar på kvelds- og helgetider.
Politiet har òg eit samarbeid med Norges Lastebileier Forbund (NLF) om haldningsskapande arbeid retta mot transportfirma og førarane av dei tunge køyretøya.
Otta trafikkstasjon ligg ved E6 på Otta. Størstedelen av vogntoga gjennom Lesja vil og passere Otta trafikkstasjon. Statens vegvesen har det siste året auka sin kapasitet på trafikant- og køyretøysida. Dette vil føre til fleire kontrollar. Desse kontrollane blir utført på alle tider av døgnet. Statens vegvesen har òg ei kontrollmoglegheit på E136 ved Kjøremgrenda på Lesja som vil bli vurdert nytta i større grad enn til no. Dette er ei strekning der ein har erfaring for at føretilhøva kan skifte raskt, og på denne måten kan Statens vegvesen stanse køyretøy som ikkje har den nødvendige standard og utrustning for å ferdast på denne strekninga.
Statens vegvesen har ikkje kunna dokumentere at vintervedlikehaldet er for dårleg på E136 gjennom Lesja i forhold til gjeldande standardar. Ofte er det slik at trafikantane har forventningar om ein høgare standard enn det funksjonskontraktane for drift/vedlikehald legg opp til. Statens vegvesen har starta arbeidet med ein gjennomgang av funksjonskontraktane mellom anna med tanke på betre samsvar mellom forventningar og standard. Statens vegvesen vil likevel gjennom neste vintersesong intensivere kontrollen av det arbeidet driftsentreprenøren utfører gjennom Lesja, spesielt i periodar med skiftande ver- og føreforhold.
Det har førebels vore usikkert når ein kan realisere ny veg gjennom Lesja. Det er korrekt at vegen mange stader blir smal når to vogntog møtest, kanskje spesielt på vinterføre. Difor er det viktig at trafikantane også tek det ansvaret det er å ferdast på vintervegar og spesielt på fjellovergangane.