Skriftlig spørsmål fra Ingebrigt S. Sørfonn (KrF) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:1049 (2006-2007)
Innlevert: 15.05.2007
Sendt: 16.05.2007
Besvart: 22.05.2007 av landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF)

Spørsmål

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): Står vedtaket om å innføra krav om brannvarslingsanlegg i fjøs med meir enn 30 sau fast, eller kan det vera aktuelt å auka dette til 72 sau, som er tilskottsgrensa i dag?

Begrunnelse

I ein rapport frå Landbrukets Utredningskontor denne vinteren er det estimert at underskotet i den norske marknaden av lammekjøt kan verta vel 3 700 tonn i 2012, eller om lag 24 pst. av den estimerte totalmarknaden. Dette må dekkjast gjennom auka import. Samtidig som etterspørselen aukar i marknaden vel stadig fleire å avvikla sauehaldet. Det er òg rapportert at fleire har vald å tilpassa seg den nye grensa for krav til brannvarslingsanlegg ved å redusera antall sau. Lempelegare krav til storleiken på flokken av småfe som er naudsynt for å måtta installera brannvarslingsanlegg, kan stimulera fleire til å satsa på sauehald eller å auka sauetalet.

Terje Riis-Johansen (Sp)

Svar

Terje Riis-Johansen: Forskrift om velferd for småfe vart vedteken av Landbruks- og matdepartementet 18. februar 2005. Føresegna er mellom anna ei oppfølging av St.meld. nr. 12 (2002-2003) Om dyrehold og dyrevelferd. Føresegna vart utarbeidd i nært samarbeid med næringa og næringa sine organisasjonar, og inneheld mellom anna krav om brannvarslingsanlegg i bygningar med meir enn 30 vinterfôra dyr. Dette kravet skulle tre i kraft 1. januar 2007, men vart i desember 2006 utsett til 1. september 2007 når det gjeld sau.
Dette vedtaket ligg fast, og det er i dag ingen planar om å auke grensa på 30 vinterfôra dyr. Det er likevel viktig å vera merksam på at kravet om brannvarslingsanlegg ikkje gjeld der det er openbert uturvande med slikt anlegg.
Mattilsynet har utarbeidd ein vegleiar til føresegna der det vert gjort nærmare greie for krava til brannvarslingsanlegg i husdyrrom. Vegleiaren er å finna på Mattilsynets heimeside www.mattilsynet.no.