Øyvind Halleraker (H): Kapasiteten over Sotrabrua er til tider sprengt. Trafikkveksten vil fortsette i kommende år og det haster derfor i forhold til NTP-rullering at planarbeidet for økt kapasitet Bergen-Sotra ikke stanses.
Kan samferdselsministeren ta initiativ og sørge for at det formelle planarbeidet med konsekvensutgreiing og kommunedelplan kan gjennomføres parallelt med kvalitetssikringsarbeidet KS1 slik det lokalt er tilrettelagt for?
Begrunnelse
Enstemmig uttalelse fra Hordaland fylkesutvalg av 24. mai hitsettes:
Sambandet mellom Sotra og Bergen har dei seinare åra hatt ein vekst i trafikken som i dag medfører at kapasiteten over Sotrabrua til tider er sprengt. Det er grunn for å tru at denne veksten vil halde fram dei komande åra. Fylkesutvalet er derfor oppteken av at det vert utarbeidd planar som eit grunnlag for snarleg realisering av tilstrekkeleg transportkapasitet mellom Bergen og Sotra. Fylkesutvalet er kjent med at det nye statlege eksterne kvalitetssikringsopplegget KS1 skal gjennomførast for strekninga Bergen-Sotra, og at det i den samanheng vert vurdert om det ordinære planarbeidet må setjast i bero inntil kvalitetssikringsarbeidet er gjennomført. Det er i dag usikkert kor lang tid gjennomføringa av KS1-arbeidet vil ta. Etter fylkesutvalet sitt syn er aktuelle løysingar for auka transportkapasitet tilstrekkeleg lokalt forankra både fagleg og politisk til at arbeidet med konsekvensutgreiing og kommuneplan kan gjennomførast parallelt med KSl-arbeidet.
Fylkesutvalet ser ikkje at KSl-arbeidet vil kunne føre til betydlege endringar i behovsvurderingane og planføresetnadene for å møte dei framtidige transportutfordringane mellom Bergen og Sotra. Eventuelle mindre endringar som følge av KS1 må kunne innarbeidast undervegs i arbeidet med konsekvensutgreiing og kommunedelplan. For å forhindre unødige forseinkingar i det transportpolitiske arbeidet på sambandet mellom Sotra og Bergen vil fylkesutvalet sterkt oppfordre samferdselsministeren til å sørge for at det formelle planarbeidet med konsekvensutgreiing og kommunedelplan kan gjennomførast parallelt med KSl-arbeidet.