Skriftlig spørsmål fra Ingebrigt S. Sørfonn (KrF) til finansministeren

Dokument nr. 15:1398 (2006-2007)
Innlevert: 19.09.2007
Sendt: 20.09.2007
Besvart: 26.09.2007 av finansminister Kristin Halvorsen

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF)

Spørsmål

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): Kva er årsaken til at barnebidrag og ektefellebidrag vert handsama ulikt i forhold til skatteplikt, og vil finansministeren ta initiativ til ei endring til gunst for den økonomisk svakstilte parten?

Begrunnelse

Ifylgje skattelova § 5-43 bokstav h vert ikkje barnebidrag m.m. etter barnelova rekna som skattbar inntekt. Ektefellebidrag etter ekteskapslova § 79, andre og tredje ledd vert imidlertid rekna som alminneleg inntekt med 28 prosent skatt. Samstundes vert det gjeve frådrag i alminneleg inntekt for bidragsytar. Mottakarar av ektefellebidrag vil ofte vera i ei svak økonomisk stilling, jf. vilkåra i ekteskapslova for å ha rett til slike bidrag frå tidlegare ektefelle.

Kristin Halvorsen (SV)

Svar

Kristin Halvorsen: Mottakarar av barnebidrag var tidlegare skattepliktig for slike beløp. Disse reglane blei endra i juni 2001, med verknad frå 1. oktober 2003. Endringa vart gjennomført ved ei endring av skattelova § 5-43 første ledd, som blant anna inneheld reglar om unntak frå skatteplikt for barnebidrag, særskilt tilskott etter barnelova, oppfostringstilskott etter lova om barnevern og forskott på barnebidrag etter lova om bidragsforskott. Føremålet med lovendringa var først og fremst omsynet til å forenkle regelverket knytt til fastsetjing av barnebidrag. Partane kan avtale storleiken på barnebidraget. Dersom barnebidrag blir fastsett av bidragsstyresmaktene, vert det teke utgangspunkt i fostringskostnadene for barnet, inntekta til dei som har fostringsplikt for barnet og talet på barn dei har slik fostringsplikt for. Fastsettinga er relativt standardisert.
Reglane for slikt bidrag til tidlegare ektefelle er gitt i ekteskapslova del III. Vilkåra for å tilkjenne underhaldsbidrag går fram av ekteskapslova § 79, 2. og 3. ledd, som har slik ordlyd:

"Er en ektefelles evne til og mulighet for å sørge for et passende underhold blitt dårligere som følge av omsorgen for felles barn eller fordelingen av felles oppgaver under samlivet, kan den andre ektefellen pålegges å betale bidrag.

I andre tilfeller kan bidrag pålegges dersom særlige grunner taler for det".

Når det gjeld bidrag til tidlegare ektefelle, er det såleis ikkje like standardiserte reglar for å fastsetje dette bidraget som for barnebidrag. Det vil difor ikkje vere like store gevinstar knytt til å fjerne frådragsretten for den som betaler bidrag og gjere det skattefritt for mottakaren, som det var i høve til barnebidrag. Ei fjerning av frådragsretten for betalaren og skatteplikta for mottakaren utan at det skjer ein gjennomgang av regelverket for å fastsetje størrelsen på bidrag, kan ha uheldige konsekvensar. Partane vil ofte heller ikkje ha dei same interesser i høve til å revidere avtala om bidrag dersom skattereglane vert endra. Ein mogleg revisjon av reglane for å fastsetje bidrag til tidlegare ektefelle bør ikkje ta utgangspunkt i skattereglane, men i ektefellelovas reglar knytt til slike bidrag. Dette høyrer under barne- og likestillingsministeren sitt ansvarsområde.