Skriftlig spørsmål fra Gunvald Ludvigsen (V) til arbeids- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:177 (2007-2008)
Innlevert: 08.11.2007
Sendt: 08.11.2007
Besvart: 21.11.2007 av arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen

Gunvald Ludvigsen (V)

Spørsmål

Gunvald Ludvigsen (V): Kor mange av det aktuelle tannhelsepersonellet, i absolutte tal, kan, etter Arbeids- og inkluderingsdepartementet sine berekningar, ha fått kognitive seinskadar som følgje av kvikksølveksponering?

Begrunnelse

Det er nyleg lagt fram ein rapport, på oppdrag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet, om eksponering for kvikksølv hos tannhelsepersonell og førekomst av moglege seineffektar. I rapporten (ss. 20 og 21) er det opplyst at ein stad mellom 0,5% og 3% av tidlegare tannhelsepersonell kan ha fått kognitive seinskadar som følgje av kvikksølveksponering. Kva desse prosentane utgjer i absolutte tal er ikkje kvantifisert. Å få ei kvantifisering, i absolutte tal, er naudsynt for at ein skal få ei realistisk oppfatning av det faktiske omfanget av kor mange som kan ha fått alvorlege seinskadar.

Bjarne Håkon Hanssen (A)

Svar

Bjarne Håkon Hanssen: Det er svært vanskeleg å vurdere kor mange personar som har jobba som tannhelsepersonell som kan ha fått kognitive seinskadar som følgje av kvikksølveksponering. Arbeids- og inkluderingsdepartementet har såleis i utgangspunktet ikkje gjort nokon berekning over kor mange som kan vere ramma av slike helseplager. Det eg har påpeikt er at det er særs viktig at tannhelsepersonell som meiner dei har helseskadar pga. kvikksølveksponering får ei individuell behandling på dei arbeidsmedisinske avdelingane for å avklare om det kan påvisast ein mogleg årsakssamanheng.
I denne samanhengen er det også viktig å vere klar over at resultat frå forskingsprosjekt ikkje utan vidare kan brukast til å vurdere helseeffektar på individnivå. Det er derfor viktig å skilje mellom kognitive effektar som er påvist på gruppenivå i forskingsprosjekt og individuelle arbeidsmedisinske pasientutgreiingar. På gruppenivå, som til dømes i det nyleg avslutta forskingsprosjektet frå St.Olavs Hospital, kan ein lettare påvise nevropsykologiske effektar på såkalla subklinisk nivå enn det ein kan i enkeltutgreiingar. Med subklinisk nivå meiner ein effektar som vanlegvis ikkje kan påvisast i enkeltutgreiingar og som normalt ikkje vil vere tungt utslagsgivande i forhold til dømes ein yrkesskadeutgreiing.
På bakgrunn av delrapport I i forskingsrapporten frå St.Olavs Hospital, der ein ved hjelp av spørjeskjema har spurt tannhelsepersonell om deira eigen vurdering av eksponering og helse, blei det likevel vurdert at omlag 0,5 - 3% kan ha fått kognitive seinskadar. Dette byggjer på at dei spurte har oppgitt at dei er plaga ofte eller meir (score 3 eller meir på ein skala frå 1-4) på minst tre av sju nevrospykologiske symptom som det blei spurt om. Det er ikkje angitt om desse forventa funna er på eit nivå som vil kunne gje rett til yrkesskadeerstatning. Forskarane ved St.Olavs Hospital skriv også i sin delrapport at funna i delrapport I er usikre fordi dei bare byggjer på sjølvrapporterte data. I tillegg var talet respondentar på spørjeskjemaundersøkinga lågt, noko som kan gje ei skeivfordeling. Tilsvarande tal frå ein nyleg avlevert dansk rapport var at om lag 1% av tannhelsepersonellet kan vere ramma.
Viss ein likevel vil prøve å vurdere kor mange tannhelsepersonell som kan tenkjast å vere ramma av ei skade på eit nivå som vil kunne gje rett til yrkesskadeerstatning, er det fleire forhold som spelar inn. Ein må m.a. ha vore høgt nok eksponert over lang nok tid til at det kan ventast at dette skal kunne gje utslag i helseskade. Kunnskapen i dag tyder på at den mest aktuelle eksponeringsperioden i så måte er frå 1950-tallet og litt inn på 1980-tallet, med klart høgst eksponering tidleg i denne perioden. Såleis spelar det ikkje så stor rolle kor mange som har jobba som tannhelsepersonell i alt, men det avgjerande er kor mange som har jobba tilstrekkeleg lang tid innafor dette tidsrommet. I tillegg er det slik at vi alle har ulik følsemd i forhold til å få helseplager etter eksponering.
Vi har nokre tal vi kan leggje til grunn for ein berekning av kor mange tannhelsepersonell som har vore yrkesaktive i den aktuelle perioden. I ein forskingsrapport frå Haukeland universitetssjukehus og Medisinsk fødselsregister frå 1997 blei det gjort eit forsøk på å estimere kor mange tannlegeassistentar som var i aktivt arbeid i 1970, 1980 og 1990 ved hjelp av folke- og bustadsteljingane som blei gjennomført på desse tidspunkta, kor det blei registrert barn av mødrer registrert i forskjellige yrkeskategoriar. Viss ein legg til grunn at tannlegeassistentane i snitt har fått like mange barn som kvinner elles, og mykje tyder på det, er det i denne undersøkinga berekna at det var ca. 2.200 personar som var registrert som tannlegeassistent i minst ein av disse folketeljingane. Vi veit også at det på Statens arbeidsmiljøinstitutt i perioden 1970-1990 er analysert kvikksølv i urinen hos omlag 2.000 kvinnelege tannhelsepersonell. Vidare veit vi frå undersøkinga frå St.Olav Hospital at deira materiale omfatta i overkant av 800 tannlegesekretærar frå midt-Noreg med minst 5 års yrkespraksis frå 1960 til i dag. Viss ein som eit tenkt regneeksempel legg til grunn at 4.000 tannlegeassistentar har jobba lenge nok innafor den aktuelle tidsperiode, vil ein, viss man også baserer seg på at anslaget i den sjølvrapporterte delen av forskingsprosjektet frå St.Olavs Hospital er realistisk , kome til at mellom 20 og 120 tannlegeassistentar kan ha fått kognitive skadar som følgje av kvikksølveksponering. Basert på den danske vurderinga om 1 pst. vil talet bli omlag 40. I media er tal oppimot 10.000 tannlegesekretærar blitt nemnt, dette byggjer på tal oppgitt frå fagforeiningane. Det må da sjølvsagt leggast til grunn at dei enkelte må ha jobba i den mest aktuelle perioden i ein tilstrekkelig lang nok periode, slik at talet på 10.000 nok er for høgt.
Kor mange som kan ha kognitive seinskadar på eit nivå som vil kunne gje rett til yrkesskadeerstatning, er umogleg å vite. Ein må også leggje til grunn at dette bare er usikre regneeksempel. Derfor er det viktig at alle som meiner dei har slike helseskadar etter kvikksølveksponering blir vurdert ved ei arbeidsmedisinsk avdeling, og at ein ikkje er fastlåst i noko tal om forventa resultat av desse utgreiingane.
Til nå har i alt 250 tannlegeassistentar det siste året vore vist til dei arbeidsmedisinske avdelingane. Av desse står 80 framleis på venteliste, og ein del har vore vurdert utan innkalling. Det er for tidleg å seie noe om utfallet av desse utreiingane. Dei arbeidsmedisinske avdelingane samarbeider om felles utreiingsrutinar, for å kvalitetssikre utgreiingane.