Skriftlig spørsmål fra Gjermund Hagesæter (FrP) til fornyings- og administrasjonsministeren

Dokument nr. 15:188 (2007-2008)
Innlevert: 09.11.2007
Sendt: 12.11.2007
Besvart: 14.11.2007 av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys

Gjermund Hagesæter (FrP)

Spørsmål

Gjermund Hagesæter (FrP): Staten sine satsar for kilometergodgjersle har stått uendra i lang tid. Dette til tross for at kostnadane ved bilhold har auka den seinare tid, både fordi avgifter, drivstoff og renta har stege merkbart.
Vil statsråden vurdere om det ikkje no er på tide å justere opp desse satsane i tråd med at bilrelaterte kostnader har stege?

Heidi Grande Røys (SV)

Svar

Heidi Grande Røys: Departementet har innleidd forhandlingar med tenestemennenes hovudsamanslutningar om særavtale for reiser innanlands for statens rekning. I desse forhandlingane inngår ei justering av satsane for kilometergodtgjersle. Mellom partane er det sett ned ei arbeidsgruppe som har som mandat å leggje fram forslag til forhandlingspartane om endringar i dagens særavtale. Arbeidet har kome godt i gang, men eg kan ikkje svare på når ein kan vente at forhandlingane er ferdige.