Gunvald Ludvigsen (V): Det går fram av Soria Moria- erklæringa at Regjeringa vil oppretthalde eit desentralisert sjukehustilbod og at ingen lokalsjukehus skal leggjast ned.
Er raseringa av nærsjukehuset i Florø i samsvar med Soria Moria-erklæringa, vil statsråden godta og godkjenne ei slik rasering, og vil statsråden syte for at det nasjonale pilotprosjektet som nærsjukehuset i Florø representerer, får eigne ressursråmer slik at prosjektet kan utviklast og gjennomførast etter dei opphavelege intensjonane?
Begrunnelse
Nærsjukehuset i Florø vart etablert - og politisk bestemt - av tidlegare helseminister Dagfinn Høybråten. Nærsjukehuset vart oppretta som "eit nasjonalt pilotprosjekt med overføringsverdi til andre helseforetak". Hovedintensjonen var at nærsjukehuset spesielt skulle behandle eldre, kronikarar, observasjonspasientar, rehabiliteringspasientar, døyande m.fl.
Etter om lag eit års drift gjorde SINTEF ei evaluering (i 2006) av drifta ved nærsjukehuset. SINTEF konkluderte med at målformuleringa for nærsjukehuset har vore uklar, pilotprosjektet har fått for dårleg oppfølging, kommunikasjonen med aktuelle samarbeidspartnarar har vore dårleg, ansvarstilhøva har vore uklare og medarbeidarane har blitt for lite inkluderte i prosessen. SINTEF peikar vidare på at eit slikt pilotprosjekt burde ha eigne ressursråmer i ein avgrensa periode; altså i praksis vore finansiert direkte frå helse- og omsorgsdepartementet.
Nærsjukehuset har ei sengeavdeling med 12 plassar, driv noko dagkirurgi og relativt omfattande poliklinisk verksemd.
Styret i Helse Førde vedtok 26. oktober 2007 at sengeposten (i realiteten) skal avviklast, men at den polikliniske verksemda skal vidareførast. Tidlegare har styret vedteke nedlegging av den ortopediske aktiviteten. Onsdag sist veke vart det kjent at leiinga i Helse Førde vurderer å leggje ned all dagkirurgi ved nærsjukehuset og dessutan at heile drifta ville bli vurdert med tanke på avvikling.
Sjølv om nærsjukehuset skulle få halde fram med poliklinisk og dagkirurgisk verksemd, så vert no så mange funksjonar lagde ned at nærsjukehuset ikkje lenger kan halde fram slik intensjonane var.