Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:360 (2007-2008)
Innlevert: 07.12.2007
Sendt: 10.12.2007
Besvart: 14.12.2007 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Råning/råkøyring i tettbygd strøk er eit stort problem mange stadar i landet. I fjor haust vart det starta ein fellesaksjon mot råkøyring og støy på Rv. 55 gjennom Sogndal sentrum. 300 underskrifter vart samla inn. Kravet var nedsett fartsgrense, frå 50 til 40 km/t, og fartsdempar på denne strekninga. Aksjonistane får ikkje respons frå nokon overordna myndigheit på aksjonen.
Kan statsråden ta kontakt med rette myndigheit slik at aksjonistane til denne aksjonen får svar, og slik at det vert teke ei beslutning i saka?

Begrunnelse

Råning/råkøyring er eit stort problem mange stadar i landet. I fjord haust vart det starta ein folkeaksjon mot råkøyring og støy på Rv. 55 gjennom Sogndal sentrum. Det vart samla inn 300 underskrifter. Kravet var nedsett fartsgrense, frå 50 til 40 km/t og fartsdemparar på denne strekninga.
Aksjonistane har hatt møte med ordførar, lensmann, ingeniørar frå vegvesenet og biltilsynet, utan at det vart teken nokon beslutning i saka.
Aksjonistane føler at dei vert "kastebal" og vert sendt frå den eine instansen til den andre, utan at nokon er villeg til å ta ei beslutning i saka.
Aksjonistane har sendt brev om saka til både Justis- og politidepartementet og Politidirektoratet.

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: I fylgje Vegdirektoratet fekk aksjonistane svar frå Statens vegvesen Region vest 29. juni 2007. I svaret gjekk det fram at det ikkje fanst midlar til å etablere fartsdempande tiltak i år, men at ein ville prøve å få dette til i 2008. Vegdirektoratet har no vore i kontakt med Statens vegvesen Region vest, og fått opplyst at det i 2008 vil verte laga to nye "heva gangfelt" (fartshumpar med gangfelt) på rv. 55 gjennom Sogndal sentrum. Grunna behovet for gangfelt på strekninga har ein funne det mest tenleg å gå for ei løysing med "heva gangfelt", i staden for "vanlege fartshumpar".
Å senke fartsgrensa til 40 km/t har også vorte vurdert. Statens vegvesen har likevel funne å halde fast ved fartsgrense 50 km/t på strekninga. Radarmålingar gjennomførde der har synt ei gjennomsnittsfart på knappe 50 km/t, medan 95 % av bilførarane held ei fart på under 60 km/t. Når ein då i tillegg, som fartsdempande tiltak, etablerar to "heva gangfelt" er vurderinga at det er tvilsamt at for stor køyrefart vil utgjere eit problem i seg sjølv.
Vegdirektoratet opplyser også at den lokale trafikkstasjonen, som er lokalisert like ved denne vegstubben, gir uttrykk for at dei vil halde strekninga under særleg "oppsikt". I samband med trafikkontrollar vil tenestemenn frå Statens vegvesen eller politiet kunne rette påbod til bilførarar for brot på vegtrafikklovgivinga - det vere seg brot på fartsreglar eller forbodet mot uturvande og støyande køyring (råning). Bilførar pliktar å straks etterkome påbod gitt av vegvesenet eller politiet sine tenestemenn i samband med trafikkontroll. Etter omstenda vil politi og påtalemakt og kunne reagere med passande sanksjonar.
Alt i alt synest eg dei skisserte tiltaka gir ei akseptabel løysing , og eg finn difor ikkje grunn til å gå vidare med saka.