Skriftlig spørsmål fra Ingebrigt S. Sørfonn (KrF) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:392 (2007-2008)
Innlevert: 14.12.2007
Sendt: 17.12.2007
Besvart: 21.12.2007 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF)

Spørsmål

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): Rundt forrige årsskifte vart det sett inn hurtiggåande gassdrivne ferger i dei viktige E-39 sambanda Halhjem-Sandvikvåg og Mortavika-Arsvågen. Etter nærare eit års drift er frustrasjonen stor hos brukarane. Dette gjeld særleg Halhjem-Sandvikvåg. Regulariteten er dårleg. Korrespondansen med andre kommunikasjonsmidlar sviktar ofte. Rutetidene er ikkje tilpassa tidlege og seine flyruter frå/til Flesland.
Vil statsråden føreta ei evaluering av erfaringane etter eit års drift med dei nye gassfergene?

Begrunnelse

Nye hurtiggåande gassferger i dei to nemnde sambanda skulle representera eit tidsskille når det gjaldt modernisering og effektivisering. I tillegg til ein betydeleg miljøgevinst skulle reisetida nedkortast og ulempene for fergeavhengige samfunn skulle reduserast.
Etter nærare eit års erfaring med dei nye fergene er frustrasjonen stor hos brukarane, særleg når det gjeld sambandet Halhjem-Sandvikvåg. Denne frustrasjonen gjeld alle brukargrupper. Næringslivet opplever dette som reine nedturen.
Særleg 4 forhold trer fra:

- C-avgangane i ruteplanen er svært ofte ute av drift. Det er faktisk så ille at mange har slutta å rekne med C-avgangane når dei skal planleggja reiser.
- Rutetidene frå Sandvikvåg er ikkje tilpassa første flyangang frå Flesland, og heller ikkje tilsvarande frå Halhjem når det gjeld siste flyankomst til Flesland om kvelden/natta.
- Korrespondanse for lokale og gjennomgåande bussar og hurtigbåtar verkar svært tilfeldig.

Resultatet vert ofte lang ventetid og brotne avtalar.

- Operatøren annonserer ikkje rutetidene på internettløysingar for kollektivtrafikken eller i ruteopplysning for Hordaland på telefon 177.

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Kontrakten mellom Statens vegvesen som oppdragsgjevar og Fjord1 Nordvestlandske som operatør er basert på at dei to stamvegsambanda på E 39 Mortavika - Arsvågen og Halhjem - Sandvikvåg skal drivast med fem ferjer - to ferjer i sambandet Mortavika - Arsvågen og tre ferjer i sambandet Halhjem - Sandvikvåg.
Det er vidare ein føresetnad at ei av ferjene i sambandet Halhjem - Sandvikvåg skal vere reserve-/avløysingsferje i sambandet Mortavika - Arsvågen ved årlege verkstadsopphald/driftsavbrot. Dette vil føre til at det berre vil vere to gassferjer att i sambandet Halhjem - Sandvikvåg når ei av gassferjene er ute av drift.
I løpet av dette første driftsåret har den såkalla C-ferja i sambandet Halhjem - Sandvikvåg vore ute av produksjon i periodar utan at det har vore sett inn reservefartøy.
I kontrakten mellom oppdragsgjevar og operatør er det krav om innsetjing av reserveferje når trafikkavviklinga tilseier det. Det eksisterer ikkje andre ferjer i riksvegferjedrifta i dag som har fartspotensialet til gassferjene. Ei reserveferje vil difor ikkje klare å halde rutene til C-ferja, jf. ruteplanen, fordi ferja har for låg fart.
Når sambandet vert trafikkert av berre to gassferjer, vil kapasiteten i sambandet pr. time vere om lag den same på dagtid som da sambandet vart trafikkert av fire ferjer fram til 2006.
Ferjestatistikken viser at ferjesambandet, pr. utgangen av oktober, har hatt 1044 attståande personbileiningar (pbe), eller 0,09% av frakta personbileiningar, noko som er ein svært låg attsitjingsprosent. Problem med trafikkavviklinga har difor ikkje utløyst behovet for ei (konvensjonell - dieseldreven) reserveferje.
Rutetilbodet som er lagt til grunn, skal byggje på driftsstandard som vart presentert i St. meld. nr. 24 (2003-2004) Nasjonal transportplan 2006-2015. Dette tilseier ein frekvens på 35 avgangar frå kvar ferjekai pr. døgn.
Rutetilbodet er etter avtale med oppdragsgjevar blitt korrigert ved fleire høve i det første driftsåret. Rutetidene om morgonen vart endra 5. november for å tilfredsstille krav om at trafikantar frå Stord skulle kunne nå første fly frå Flesland til Møre om morgonen, og krav om å kunne vere i Bergen til arbeidstids start kl. 08.00 om morgonen. Rutetidene vil for ein del trafikantar kunne opplevast som ikkje optimale sett i høve til ønskje om å kunne reise med kortast mogeleg reisetid. Dette vil variere avhengig av kva flyselskap ein reiser med og kva reisemål ein har. Overgangen frå fire til tre ferjer har medført at rutetidene har blitt endra. Dette kan ha ført til at tilpassing til korresponderande buss-/båtruter ikkje er like gode, og at gjennomgåande bussruter har måtta tilpasse/endre sine ruter.
Operatøren annonserer ruteopplysningar på sine heimesider på internett og ved eigne rutetabellar. Ruteopplysning 177 gir berre opplysningar om rutetabellen og ikkje opplysningar om at C-ferja er ute av drift. Når C-ferja er ute av drift, blir dette varsla via Statens vegvesen, Vegtrafikksentralen til trafikantane gjennom radio og tekst-tv og på telefon 175. Av omsyn til trafikantane vil eg oppmode oppdragsgjevar om å ta opp med operatøren at dei også skal nytte ruteopplysninga 177 i Hordaland.
Etter som operatøren haustar erfaring med dei nye ferjene, ventar eg at dei i enda større grad vil følgje ruteplanen. Statens vegvesen som oppdragsgjevar vil evaluere dette første driftsåret i 2008, og følgje opp operatøren tettare i 2008.