Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): Somaliland er ikkje anerkjent som eigen stat av FN, men har ei regjering/ein administrasjon som styrer landet. Somaliland har iverksett demokratiske prosessar inkludert val. Landet opplever stor grad av stabilitet. Ei internasjonal anerkjenning vil kunna medverka til ytterlegare positiv samfunns- og demokratiutvikling i landet. Det vert hevda at Sverige har anerkjent administrasjonen, men ikkje regjeringa i Somaliland.
Har den norske regjeringa planar om å gjera noko liknande?
Begrunnelse
For bygging av demokrati, velferds- og helsetiltak og infrastruktur er Somaliland avhengig av hjelp utanfrå. Det er også viktig at sentraladministrasjonen får bygd kompetanse og gode rutinar. Langsiktige og målretta tiltak over tid, med styrking av gode rutinar for kontroll og oppfølging, er av stor betydning. Dette gjeld både utviklingsarbeidet som styresmaktene sjølv står for, og for frivillige organisasjonar som arbeider der. Ein større grad av internasjonal anerkjenning og støtte vil kunna vera avgjerande.
Etter det eg kjenner til har Sverige anerkjent admnistrasjonen i Somaliland, utan å godkjenna regjeringa i landet. Ei slik anerkjenning frå norsk side kunne vera ei anerkjenning som også vil kunna betra arbeidssituasjonen for hjelpearbeid i regi av mellom anna norske organisasjonar.