Skriftlig spørsmål fra Hans Frode Kielland Asmyhr (FrP) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:501 (2007-2008)
Innlevert: 18.01.2008
Sendt: 21.01.2008
Besvart: 24.01.2008 av landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen

Hans Frode Kielland Asmyhr (FrP)

Spørsmål

Hans Frode Kielland Asmyhr (FrP): Statsråden har presentert en ny plan for matstrategi.
Vil statsråden fremme denne saken for Stortinget slik at alle partier kan bidra med synspunkter på hvordan fremtidens satsing på norsk mat skal være?

Terje Riis-Johansen (Sp)

Svar

Terje Riis-Johansen: Landbruks- og matdepartementets matpolitiske strategi 2008-2010 Smaken av Norge, er omtalt for Stortinget gjennom departementets St.prp. nr. 1 (2007-2008). Der står følgende:

"Departementet har utarbeidd ein matpolitisk strategi som skal leggje til rette for ei styrking av heilskapen i landbruks- og matpolitikken. Dette er ein samla matpolitisk strategi for utvikling av ein konkurransedyktig, landbasert matvaresektor som dekkjer heile verdikjeda. Resultata av ein god og heilskapleg landbruks- og matpolitikk vil kjenneteiknast av auka verdiskaping blant produsentane og av at produksjonen tek vare på forbrukarane sine ønskje om trygg mat, kvalitet, mangfald og miljøvennleg produksjon. Viktige satsingar i strategien er:

- Departementet legg vekt på forbrukarane sine ønskje og preferansar ved utforminga av landbruks- og matpolitikken. Dette gir òg grunnlag for verdiskaping og næringsutvikling i landbruket. Departementet vil i aukande grad sjå desse omsyna i samanheng med verkemiddelbruken i landbruket.

- Det er òg viktig å utnytte synergiar og stimulere til samspel som kan fremme norsk matkultur, reiseliv, kulturlandskap og medverke til god helse og betre livskvalitet.

- Det er innleidd eit samarbeid mellom næring og forvaltning med sikte på utbygging av ein nasjonal, elektronisk infrastruktur for effektiv utveksling av informasjon mellom dei ulike ledda i matproduksjonskjeda og mellom offentlege og private aktørar. Dette vil mellom anna gi betre moglegheit for å spore kvar maten kjem frå. Landbruks- og matdepartementet leiar arbeidet med prosjektet.

- Arbeidet med å utvikle eit heilskapleg kvalitetssystem med ein felles merkeprofil i marknaden, starta i 2007. Stiftelsen KSL Matmerk leiar arbeidet. Kvalitetssystemet skal ha som mål å bidra til kvalitet i alle ledd i verdikjeda, samt synleggjere og dokumentere kvalitetsarbeidet overfor forbrukar."

Strategien er også tilgjengelig på departementets nettsider.

Departementet vil på egnet måte komme tilbake til Stortinget vedrørende oppfølgingen av strategien.