Skriftlig spørsmål fra Bjørn Jacobsen (SV) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:532 (2007-2008)
Innlevert: 25.01.2008
Sendt: 28.01.2008
Besvart: 01.02.2008 av forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen

Bjørn Jacobsen (SV)

Spørsmål

Bjørn Jacobsen (SV): Kva er salsprisen, og kva for andre tilbod låg føre frå andre allierte land, og kva er grunnen til at ein vil selje til eit firma i staden for allierte land?

Begrunnelse

Forsvarsdepartementet har søkt godkjenning for sal av F 5 jagarfly til eit USA-registrert firma.

Anne-Grete Strøm-Erichsen (A)

Svar

Anne-Grete Strøm-Erichsen: Stortinget vedtok å utfase desse ukurante jagarflya i november 1999 ved handsaminga av Innst.S. nr. 38 (1999-2000), jf. St.prp. nr. 89 (1998-1999) "Om visse organisasjonsendringer m.v. i Forsvaret".

Forsvaret har opplyst at det ikkje har kome tilbod på flya frå andre allierte statar enn Hellas. I 2003 viste Hellas, som var representert ved selskapa Seaways, Hellenic Aerospace Industry (HAI) og Israeli Aviation Industries Ltd., interesse for å kjøpe flya. Forsvarsdepartementet sette som vilkår for eit sal at eigendomsretten skulle overførast direkte til greske styresmakter og ikkje til Seaways eller andre selskap. For Forsvarsdepartementet vart denne saka avslutta då greske styresmakter underretta Forsvaret om at eit kjøp av flya ikkje lenger var aktuelt. Utanriksdepartementet og ambassaden vår i Aten vart underretta om dette. Prosessen med Hellas vart difor avslutta i desember 2003.

Det private kanadiske firmaet SIGMA var den fyrste interessenten, i 2002. Men det vart usemje mellom Forsvaret og SIGMA, noko som resulterte i at SIGMA gjekk til rettssak mot Forsvaret. Forsvaret vann saka på alle punkt (ref. Oslo tingretts dom av 10. september 2004).

Seinare viste òg Lockheed Martin (USA) i januar 2004, EADS/Casa (Spania) i april 2004 og Polen i desember 2004 interesse, men det var berre EADS/Casa som kom med tilbod. Eit norsk selskap, Tyra Invest AS, var òg interessert i flya. Ifylgje Forsvaret fall likevel deira interesse bort då kostnadene knytte til infrastruktur og drift av flya vart kjent for dei.

Forsvaret forhandla hausten 2004 med EADS/Casa, og mottok to tilbod. Forsvaret forkasta desse tilboda i mars 2005, mellom anna av di EADS/Casa berre var interessert i åtte av dei 15 jagarflya og dei mest attraktive reservedelane. Eit sal til EADS/Casa ville kunne sett Forsvaret i ein vanskeleg situasjon ved å bli sittande att med ukurante reservedelar og dei sju flya som EADS/Casa ikkje ville ha.

Sumaren 2006 kom det i stand ein avtale mellom Forsvaret og Northern General Leasing LCC (NGL) om sal av flya. Vilkåret for eit slikt sal var godkjenning av Utanriksdepartementet etter reglane for eksport av våpen og militært utstyr, og slik at amerikanske styresmakter kunne stille seg bak NGL som eigar og sluttbrukar av jagarflya. Utanriksdepartementet godkjende utføringsløyve i samsvar med rettesnorene om at slikt materiell kan leverast til ein stat der mottakaren er, eller representerar, forsvarsstyresmakter i ein nærståande stat. Det ligg, ifylgje Utanriksdepartementet føre dokumentasjon frå amerikanske styresmakter om at jagarflya skal nyttast av NGL til flygetrening under ei kontrakt med det amerikanske luftforsvaret.

Mot denne bakgrunnen, og med heimel i den statlege normalinstruksen, godkjende Forsvarsdepartementet salet i desember 2007. Salssummen var 14 millioner amerikanske dollar.