Åge Starheim (FrP): Eg går ut frå at statsråden er kjend med at i Sogn og Fjordane, som i store delar av landet elles, har dei fleste kommunane store vanskar med å ha eit tilfredsstillande tilbod til eldre rehabiliterings- og avlastingspasientar på grunn av at sjukehusa no er pålagt tidlegare utskriving av denne pasientgruppa.
Ser ikkje statsråden behov for å setje i gang tiltak av øyremerka midlar for å styrke tilbodet til nemnde pasientgruppe?
Begrunnelse
Bakgrunnen for spørsmålet er at denne pasientgruppa har lovpålagte rettigheitar om god rehabilitering og at kommunane er pålagt å ha ei tilfredsstillande ordning for avlastingspasientar mellom sjukehus og heim.
Den anstrengte kommuneøkonomien gjer at kommunane nedprioriterer rehabilitering og avlasting både på grunn av manglande kompetanse og manglande avlastingsplassar.
Kvalitetsmeldinga framhevar auka kvalitet for pleie- og omsorgssektoren, som denne pasientgruppa er ein del av. Regjering og storting har tidlegare nytta øyremerking av midlar for å målrette tiltak innanfor barnehageutbygging og for å oppnå tilfredsstillande resultat innanfor psykiatri.