Skriftlig spørsmål fra Ine M. Eriksen Søreide (H) til kunnskapsministeren

Dokument nr. 15:633 (2007-2008)
Innlevert: 08.02.2008
Sendt: 11.02.2008
Besvart: 14.02.2008 av kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell

Ine M. Eriksen Søreide (H)

Spørsmål

Ine M. Eriksen Søreide (H): I Stortingets spørretime 6. februar fikk statsråden spørsmål fra Høyre om offentliggjøring av resultatene fra de nasjonale prøvene. I sitt svar hevdet statsråden at "mykje forsking åtvarer mot det".
Kan statsråden redegjøre for hvilket betydelig forskningsmateriale han her henviser til?

Begrunnelse

Fremleggingen av de nasjonale prøvene har synliggjort en forvirring i Regjeringen om hvordan man skal presentere resultatene. Kunnskapsministeren sa i desember 2007 at han kun ønsket "at skulane og kommunane kan samanlikne sine eigne resultat med resultata til andre kommunar og med gjennomsnittet for heile landet". Med andre ord mener statsråden at det ikke skal være mulig for en skole å sammenligne egne resultater med naboskolen eller med andre skoler innad i en kommune. Statsråden mener at denne type offentlig informasjon bør hemmeligholdes.
På spørsmål fra Høyre i spørretimen 30. januar 2008 sørget derimot statsministeren for i praksis å begrave kunnskapsministerens ønske om hemmelighold, og han sa bl.a. at det var bare å ringe, bruke offentlighetsloven og få tilgang til dataene. Høyre mener for øvrig at statsministerens ringeopplegg er noe upraktisk som metode for å gi elever, lærere, foresatte og andre skoleinteresserte tilgang til offentlig informasjon.
I "The Economist" 8. des. 2007 sier OECD´s direktør for utdanning, Barbara Ischinger, at offentliggjøring av skoleresultater er nyttig for å bedre læringsutbyttet til elevene. Utdanningsdirektøren i Oslo, Astrid Søgnen, fremholder at åpenhet om resultatene er helt avgjørende for å skape gode resultater. Osloskolen har med 37 prosent minoritetsspråklige elever betydelig større språklige utfordringer enn andre kommuner, men likevel har Oslo de beste fylkesvise resultatene på de nasjonale prøvene.
Høyre mener det er uholdbart å argumentere med at offentlig informasjon bør holdes tilbake, fordi det kan "forvirre" og at informasjonen "sier ikke alt". Slike argumenter passer ikke i et åpent og demokratisk samfunn.

Bård Vegar Solhjell (SV)

Svar

Bård Vegar Solhjell: Eg viser til spørsmål frå representanten Ine Marie Eriksen Søreide datert 6. februar 2008. Eg blir i spørsmålet bede om å gjere greie for forsking om konsekvensane av å publisere resultat frå nasjonale prøver.

Det finst ein omfattande forskingslitteratur om testar og kva innverknad dei har på skulen og læringsutbyttet til elevane. Denne forskinga er viktig og gjev oss god hjelp til å forstå verkemåten til ulike slag prøver. Forskinga gjev eit godt kunnskapsgrunnlag i arbeidet med å utforme eit nasjonalt system for kvalitetsvurdering. Forskarane er likevel ikkje alltid einige, og det er ikkje slik at forskinga gir ei eintydig oppskrift på kva som bør gjerast. I siste instans er det eit politisk spørsmål kva slags prøvesystem vi skal ha og korleis nasjonale styresmakter skal publisere resultata frå prøvene. Eg har ved fleire høve gjort greie for kvifor eg meiner det ikkje er riktig å publisere resultata frå nasjonale prøver på skulenivå.

Mange forskarar peiker på at såkalla "high stakes" testar, det vil seie testar der mykje står på spel for skulane, lærarane og elevane, har fleire negative effektar både for elevane og lærarane (fotnote 1 og 2). Eg vil hevde at det å publisere resultata frå nasjonale prøver på skulenivå betyr at "mykje står på spel" for skulane. Rangering av skular i media er eit sterkt signal til skulane og blir opplevd negativt og urettferdig av mange. Testane fremjar ikkje i seg sjølv læring, dei måler kompetanse. Testane fører til læring dersom dei får elevar, lærarar og skuleleiarar til å endre praksis. Vi er difor heilt avhengige av at det er brei aksept for prøvene hos dei som skal bruke dei. Det er difor deira subjektive oppfatning som avgjer om prøvene er "high stakes".

Forskinga viser at bruk av testar ikkje treng å gje betre læringsutbytte for elevane. Det er mellom anna vist til at slike testar har ført til at svake elevar får lågare sjølvtillit og at elevane misliker og er urolege for slike prøver. Det blir også vist til at lærarar kan bli freista til å jukse når mykje står på spel og at lærarar på skular der elevane kjem frå familiar med låg sosial status, kan bli stressa og lite motiverte.

Erfaringar frå England viser også negative effektar av det testregimet dei har der (fotnote 3). Denne forskinga peiker, i tillegg til at testane stressar elevane, mellom anna på at testane har ført til ei innsnevring av læreplanen og at forskjellane mellom elevane framleis er særs store samanlikna med andre land.

Generelt viser forskinga at testar har stor innverknad på skulen, og kan såleis vere eit effektivt verkemiddel, men at dei også kan ha negativ innverknad på arbeidet i skulen og læringa til elevane. Forskinga viser etter mitt syn at vi skal halde fram med utviklinga av det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet, men at vi må vere varsame og gjere eit grundig fagleg arbeid med utviklinga av testane og korleis dei blir brukte.

I rapporten "No more Failures: Ten Steps to Equity in Education" (fotnote 4) erkjenner OECD at det finst sterke argument både for og imot publisering av resultat frå nasjonale prøver på skulenivå: "In favour of publication, it can be argued that pupils, parents and other citizens have a legitimate interest in school performance and in the necessary dialogue on school improvement [...] Conversely, publication can damage equity if the media transforms even a sophisticated range of data about schools into crude league tables of so-called "good schools" and "bad schools".

Eg meiner at vi skal ta på alvor at lærarane og elevorganisasjonen er negative til publisering av skuleresultat. Det viktigaste no er at vi får utvikla ein positiv kultur for vurdering på skulane og at testane blir brukte til å utvikle kvaliteten i opplæringa.

---------------

Fotnote 1:

Louis Volante: Evaluating Test-Based Accountability Systems: An International Perspective, Paper Presented at the Association for Educational Assessment - Europe, Stockholm, Sweden November, 2007

Fotnote 2:

Harlen W, Deakin Crick R (2002) A systematic review of the impact of summative assessment and tests on students' motivation for learning. In: Research Evidence in Education Library. London: EPPI-Centre, Social Science Research Unit, Institute of Education, University of London.

Fotnote 3:

Standards and Quality in English Primary Schools Over Time: the national evidence, by Peter Tymms and Christine Merrell, University of Durham (Primary Review Research Survey 4/1).

Standards in English Primary Education: the international evidence, by Chris Whetton, Graham

Ruddock and Liz Twist, National Foundation for Educational Research (Primary Review Research. The Quality of Learning: assessment alternatives for primary education, by Wynne Harlen, University of Bristol (Primary Review Research Survey 3/4). ISBN 978-1-906478-03-4.

Fotnote 4:

OECD 2007