Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:749 (2007-2008)
Innlevert: 05.03.2008
Sendt: 05.03.2008
Besvart: 12.03.2008 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): I vinter har det som på same tid i alle år vore mange stengingar av Vikafjellet. For næringslivet og folk i Vik er dette svært negativt, og det kan også vere til fare for sikkerheita for folk i Vik. Før det vert bygt lang tunnel gjennom Vikafjellet må ein rekne med stengingar av fjellet, men etter det folk i Vik meiner, er fjellet stengt langt meir enn det som var nødvendig dersom det var politisk vilje til å gjere noko med dette.
Vil statsråden ta initiativ til ordningar som kan hindre unødvendige stengingar av Vikafjellet?

Begrunnelse

Næringslivet og folk i Vik er frustrerte og sinte for at Vikafjellet svært ofte har vore stengt i vinter, som det også har vore i alle vintrar tidlegare.
På ein fjellovergang som Vikafjellet må ein forventa at verforholda er slik at det er umogeleg å brøyte fjellet. Det er berre bygging av ein lang tunnel gjennom Vikafjellet som kan medverke til at næringslivet og folk i Vik, og andre brukarar av denne vegstrekninga, kan vere trygge for at vegen ikkje vert stengt på grunn av uver. Det vert, uansett stor politisk vilje til å medverke til finansiering av lang tunnel gjennom Vikafjellet, gå fleire år før denne kan stå ferdig. Dersom brukarane av denne vegstrekninga, og ikkje minst næringslivet i Vik, skal oppleve mange og lange stengingar av denne vegen fram til tunnel er bygt, då kan det vere ein stor fare for at verksemder har måttet gje opp drifta, og at folk flyttar frå kommunen i frustrasjon over situasjonen.
Næringslivet og folk i Vik meiner at Vikafjellet er stengt langt fleire gongar enn nødvendig, dersom det har vore politisk vilje til å medverke til ordningar som ville resultert i langt færre stengingar av denne vegen.
For ei tid sidan vart dette problemet teke opp, og samferdsleministeren ville då ta initiativ til at vegen over Vikafjellet skulle verte halden open i langt større grad enn tidlegare.
Ein har ein følelse av at no er ein tilbake til same situasjon som det har vore i dei fleste vintrar tidlegare, med mange og lange stengingar av vegen over Vikafjellet.

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Riksveg 13 over Vikafjellet har, som det går fram av spørsmålet, vore ein god del stengt i vinter på grunn av uvêr og opprydding etter uvêr. I uvêrsperioden i januar og februar var det til dømes stengt samanhengande frå 22. januar til 13. februar. Sjå og tabell nedanfor som syner stenging i 2006/ 2007 og 2007/2008 fram til 5. mars.

År Mellombels stengdNattestengstengtKolonnekøyring
2006/2007 heile vinteren1343 t783 t335 t
2007/2008 fram til 05.mars1303 t363 t120 t

Når det gjeld økonomiske ressursar, kan eg opplyse at vinterdrifta på rv 13 Vikafjellet vinteren 2006/2007 kosta om lag 4 mill. kr.
I vinter har vi hatt mange påfølgjande uvêrsperiodar med til dels store nedbørsmengder og sterk vind. I slike høve vert tryggleiken til trafikantane og brøytemannskapet prioritert høgast. Dette medfører stenging av vegen under slike forhold. I tillegg medfører vinden at brøytemannskapet i periodar ikkje greier å halde vegbana fri for snø.
Etter kraftige uvêrsperiodar kan det gå inntil ei veke å rydde vegen, avhengig av snøforholda. Vegen blir heller ikkje alltid opna etter ein uvêrsperiode, då neste uvêrsperiode kan komme alt etter nokre dagar med oppryddingsarbeid. Dette kan medføre lange stengingar slik som perioden 22. januar til 13. februar og den vi er inne i no. Då det siste snøfallet med vind kom 5. mars, var det like før entreprenøren var ferdig med å rydde etter førre uvêr.
For å kunne redusere oppryddingstida etter uvêr har Statens vegvesen no gitt entreprenøren klarsignal til å nytte to hjulgåande fresar samtidig i oppryddingsarbeidet. Eg kan og opplyse at entreprenøren nyttar skiftarbeid for å forsere arbeidet i periodane med opprydding. Når vêrforholda er slik at det går ut over tryggleiken til brøytemannskapa, så vert ryddingsarbeidet avslutta inntil forholda betrar seg. Dette har vore stoda ved fleire høve i vinter.
Når det gjeld tryggleiken til innbyggarane i Vik, er tida det tek for å komme til sjukehus viktig. Med ope Vikafjell tek det om lag ein time å komme til sjukehuset på Voss. Når fjellet er stengt er Lærdal næraste sjukehus, og det tek om lag to timar å komme dit inkludert to ferjer. På Mannheller – Fodnes er det nattferje. Det er ikkje tilfelle på Vangsnes – Hella. For å bøte på dette, er det sjuke¬beredskap på sambandet når vegen over Vikafjellet er stengd. Dette inneber at ferja ligg i beredskap på Vangsnes om natta.