Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til finansministeren

Dokument nr. 15:759 (2007-2008)
Innlevert: 06.03.2008
Sendt: 06.03.2008
Besvart: 14.03.2008 av finansminister Kristin Halvorsen

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): I media er det stadfesta at i 2009-budsjettet vil avgiftene på drivstoff få ein ytterlegare auke. Dette vil ramme næringslivet i Sogn og Fjordane. For transport av varer inn og ut av fylket vil dette medføre alvorleg auke i kostnadane for næringslivet.
Ønskjer statsråden, ved å føreta slik auke på drivstoffavgifta, å medverke til ei rasering av næringslivet i Sogn og Fjordane og resten av distriktsfylka?

Begrunnelse

Eg registrerar statsråden og hennes parti sin manglande vilje til vegutbygging. Vegstandarden i distriktsfylke som Sogn og Fjordane er så dårleg at store deler av vegnettet er i ferd med å gå i oppløysing, noko som medfører at drivstofforbruket på varetransport er vesentleg høgre her enn i sentrale deler av landet. Dette medfører at pålagte avgifter slår meir enn dobbelt ut i Sogn og Fjordane på grunn av dårleg vegstandard og geografiske forhold. Ut ifrå verkelegheita kan det verke slik at avgiftene er meir retta mot sentralisering enn for å styrke miljøet.

Kristin Halvorsen (SV)

Svar

Kristin Halvorsen: I klimaforliket mellom regjeringspartia og Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre står det at ”Partene er enige om at autodieselavgiften økes med 10 øre pr. liter, og at bensinavgiften økes med 5 øre pr liter, i statsbudsjettet for 2009.” Regjeringa kjem tilbake til eventuelle endringar i bensinavgifta og autodieselavgifta i samband med statsbudsjettet for 2009.
I Soria Moria-erklæringa står det at ”Regjeringen vil særlig legge vekt på å redusere avstandsulempene for næringslivet i distriktene.” Regjeringa sin politikk inneheld ei rekkje tiltak som skal redusere ekstrakostnader som følgjer av avstandsulemper. Dette gjeld kjøp av innanlandske flyruter, særskilte tilskot til transporttiltak (for betre kollektivtransport i distrikta), rassikring, tilskot til utjamning av overføringstariff og utbygging av breiband. I tillegg er samferdselsbudsjettet generelt, og særleg riksvegsløyvingane, eit vesentleg verkemiddel for å redusere avstandsulemper i distrikta. Alle regjeringspartia er opptatt av både god vegstandard, særlig i distrikta og eit godt kollektivtilbod.
Regjeringa arbeider nå med ei stortingsmelding om ny nasjonal transportplan (NTP) for perioden 2010 – 2019, med sikte på å leggje ho fram for Stortinget i desember i år. NTP legg dei langsiktige rammene for ressursbruken i transportsektoren. Reduksjon av avstandskostnader vil ha ein sentral plass i meldinga. Eit av fire hovudmål i arbeidet er ”Bedre framkommelighet og reduserte avstandskostnader for å styrke konkurransekraften i næringslivet og bidra til å opprettholde hovedtrekkene i bosettingsmønsteret”. Meir konkrete etappemål for planperioden er bl.a. at ”Framkommeligheten i transportsystemet, i form av pålitelighet skal økes i perioden”, og at ”Reisetider i og mellom regioner skal reduseres i perioden.” Statens vegvesen, Jernbaneverket, Kystverket og Avinor A/S har laga eit felles fagleg grunnlagsmateriale for stortingsmeldinga, jf. www.ntp.dep.no. Dette grunnlagsmaterialet er gjenstand for offentleg høyring ut april.