Skriftlig spørsmål fra Bjørn Jacobsen (SV) til miljø- og utviklingsministeren

Dokument nr. 15:1033 (2007-2008)
Innlevert: 30.04.2008
Sendt: 02.05.2008
Besvart: 09.05.2008 av miljø- og utviklingsminister Erik Solheim

Bjørn Jacobsen (SV)

Spørsmål

Bjørn Jacobsen (SV): Regjeringa skjerpar lover og reglar for å verna strandsona og sikra allemannsretten, men likevel kan Giske kommune omregulere eit friluftsområde for ein industri som ikkje treng liggje på stranda. Samstundes kan Møre og Romsdal fylke unngå å kommentere denne reguleringa og såleis godkjenne ho.
Spørsmålet vert om statsråden kan stoppe dette prosjektet straks, før utbygginga kjem i gang sidan ho bryt med Regjeringa sin politikk?

Begrunnelse

I 2005 omregulerte Giske kommune ein del av eit LNF-område til industri, for at Kulturinvest AS-v. The Margarets-skulle få byggja eit lydstudio.
- I Kommuneplanen for 2003 - 2015, føresegner og retningslinjer til arealdelen, står det i raudt:
- I område som er sett av til LNF- område, kan utbygging og frådeling ikkje godkjennast for anna enn stadbunden næringsverksemd Jfr. PBL§ 20-6.
- Eit musikkstudio treng ikkje å ligge ved sjøkanten .
Det var ingen krav om konsekvensanalyse, trass i at dei tok deler av badestranda, og at det er eit fuglereservat i enden av stranda.
Naboar og grunneigarar vart ikkje varsla, anna enn gjennom ei lita annonse i pressa.
Området vart freista omregulert til industri i 1987, då vart det og ein protestaksjon frå lokalbefolkninga, (den gongen vart dei høyrde).
I tilråding til vedtaket står det: "Giske kommuneplanutval finn å imøtekomme protesten...."og som kommentar til saka: " Det er svært uheldig dersom det aktuelle strandområdet skal verte øydelagt av eit industriområde."
Giske skule FAU 2005 seier m.o.a. : "Giske er ei lita og tettbygd øy, og vi vil seie frå om at vi må ta vare på den strandsona som vi har igjen urørt for oss og for framtida."
Fylket godkjende omregulering til industri i 2005, det er uvisst om dei var klår over vedtaket frå 1987.
I fjor fekk to naboar - to gamle koner - nabovarsel om bygging. Lydstudioet skal vera 250m2 og 7,6m høgt + grunnmur. Der skal vera 5 soverom og stor bueining, Det skal ha glasfasade med einvegs-glas mot badestranda. Det skal, ifylgje leiaren i the Margarets, gje ein arbeidsplass.
Eine naboen melder merknad til saka. Det vert danna ein interesseforreining som på ei helg samla 100 underskrifter (berre folk som bur på øya, der bur om lag 600). Dei sender også merknad til saka.
Teknisk utval godkjenner utbygginga. Men då dei fekk frå ordførar og rådmann forståing av at dei ikkje kunne gjera anna, sidan dette var innan reguleringsplanen for området. Merknad frå nabo og oppmoding frå 100 øybuarar vart ikkje teke til fylgje.
Fylket godkjenner bygget, men ikkje overnatting. Dei ser bort frå oppropet frå øybuarane, dei "er ikkje part i saka". Dei vurderer berre klagen frå den eine personen som juridisk har klagerett. ( Fylket seier "Friluftsinteresser i området kan soleis ikkje utgjera ein avgjerande grunn for å nekta omsøkt tiltak.")
Det er allereie søkt om dispensasjon frå Plan- og Bygningslova for overnatting. Utbyggjarane viser til kommunen, og seier i pressa at det kjem til å gå greitt.
Bygget kjem til å dominera stranda fullstendig. Med plassering heilt i sjøkanten, avgrensar det tilgang til, og bruk av området for badegjester, turfolk, ryttarar, joggarar, barnehagar osv.

Erik Solheim (SV)

Svar

Erik Solheim: La meg først få understreke at eg er opptatt av å sikre ålmenta tilgang til strandsona, og at eg legg opp til at kommunane skal vere varsam med å gi løyve til nye byggetiltak i denne sona. Særleg er det lagt vekt på at kommunane skal være særs varsam med å gje dispensasjon frå landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF) i arealdelen av kommuneplan. Dette er i tråd med regjeringa si Soria Moria-erklæring, og er gjort kjend for kommunar og fylke mellom anna gjennom rundskriv og departementet sine avgjerder i strandsonesaker.
I denne saka ligg det allereie føre ein godkjent reguleringsplan frå 2005. I samband med utarbeidinga og framlegget av plana vart det ikkje reist motsegn mot denne frå statlege fagstyremakter eller Møre og Romsdal fylke. Plana vart såleis eigengodkjend ( samrøystes) av kommunestyret, og det vart heller ikkje fremja klager frå private partar på plana.
I tråd med reguleringsplana vart det søkt om byggjeløyve for oppføring av eit lydstudio, og kommunen gav rammeløyve for dette bygget i desember 2007. Denne avgjerda vart påklaga til fylkesmannen, som i brev av 14. mars 2008 ikkje tok klagene til følgje. Fylkesmannen si avgjerd i slike saker er endeleg.
Etter reglane i plan- og bygningslova § 27-2 kan departementet i reguleringsplansaker, når vedteken plan strider mot nasjonale interesser, fylkesplan eller arealdel av kommuneplan, av eige tiltak oppheve plana. Departementet er varsam med å nytte heimelen i denne regelen, då det etter plan- og bygningslova er kommunen som i utgangspunktet skal ta stilling til når og korleis dei enkelte areala i kommunen skal nyttast.
I denne saka er det som nemnd allereie gitt eit byggjeløyve. Søkar har dermed fått ein rett til å føre opp omhandla bygg. Dette inneber at moglegheita for at eg skal kunne gripe inn ovafor kommunen og stanse det omsøkte bygg gjennom oppheving av reguleringsplana ikkje lenger er tilstades.