Skriftlig spørsmål fra Leif Helge Kongshaug (V) til miljø- og utviklingsministeren

Dokument nr. 15:1083 (2007-2008)
Innlevert: 09.05.2008
Sendt: 13.05.2008
Besvart: 19.05.2008 av miljø- og utviklingsminister Erik Solheim

Leif Helge Kongshaug (V)

Spørsmål

Leif Helge Kongshaug (V): I Giske kommune i Møre og Romsdal er det planer om utbygging av et lydstudio i strandsonen. Dette har skapt mye uro og motstand blant innbyggerne i kommunen som mener dette ikke er riktig ut fra almenhetens interesser.
Vil og kan statsråden se på denne saken og komme med innspill som kan føre til en eventuell ny behandling i Giske kommune?

Begrunnelse

Det er viktig at når en kommune går til så relativt drastiske skritt som å tillate bygging i en attraktiv strandsone, er det viktig at dette har gjennomgått en grundig offentlig behandling og beslutninger basert på folkevalgte vedtak etter grundige prossesser. Jeg ønsker ikke å gå mer i detalj i saken, men ber om at statsråden går inn i den og vurderer den i forhold til mitt spørsmål.

Erik Solheim (SV)

Svar

Erik Solheim: Som svar på ovennevnte spørsmål fra stortingsrepresentant Leif Helge Kongshaug viser jeg til det svar jeg ga i mitt brev av 9. mai 2008 på spørsmål nr. 1033 fra stortingsrepresentant Bjørn Jacobsen vedrørende samme sak. Jeg siterer fra dette brevet:

"La meg først få understreke at eg er opptatt av å sikre ålmenta tilgang til strandsona, og at eg legg opp til at kommunane skal vere varsam med å gi løyve til nye byggetiltak i denne sona. Særleg er det lagt vekt på at kommunane skal være særs varsam med å gje dispensasjon frå landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF) i arealdelen av kommuneplan. Dette er i tråd med regjeringa si Soria Moria-erklæring, og er gjort kjend for kommunar og fylke mellom anna gjennom rundskriv og departementet sine avgjerder i strandsonesaker.

I denne saka ligg det allereie føre ein godkjent reguleringsplan frå 2005. I samband med utarbeidinga og framlegget av plana vart det ikkje reist motsegn mot denne frå statlege fagstyremakter eller Møre og Romsdal fylke. Plana vart såleis eigengodkjend ( samrøystes) av kommunestyret, og det vart heller ikkje fremja klager frå private partar på plana.

I tråd med reguleringsplana vart det søkt om byggjeløyve for oppføring av eit lydstudio, og kommunen gav rammeløyve for dette bygget i desember 2007. Denne avgjerda vart påklaga til fylkesmannen, som i brev av 14. mars 2008 ikkje tok klagene til følgje. Fylkesmannen si avgjerd i slike saker er endeleg.

Etter reglane i plan- og bygningslova § 27-2 kan departementet i reguleringsplansaker, når vedteken plan strider mot nasjonale interesser, fylkesplan eller arealdel av kommuneplan, av eige tiltak oppheve plana. Departementet er varsam med å nytte heimelen i denne regelen, då det etter plan- og bygningslova er kommunen som i utgangspunktet skal ta stilling til når og korleis dei enkelte areala i kommunen skal nyttast.

I denne saka er det som nemnd allereie gitt eit byggjeløyve. Søkar har dermed fått ein rett til å føre opp omhandla bygg. Dette inneber at moglegheita for at eg skal kunne gripe inn ovafor kommunen og stanse det omsøkte bygg gjennom oppheving av reguleringsplana ikkje lenger er tilstades."