Skriftlig spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1142 (2007-2008)
Innlevert: 22.05.2008
Sendt: 23.05.2008
Besvart: 28.05.2008 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Kan statsråden stadfeste at Kvivsvegen AS framleis får forskuttere midlar til å starte opp prosjektet Kvivsvegen i 2008?

Begrunnelse

Statsråden har teke initiativ til ein annan modell for å finansiere prosjektet Kvivsvegen enn det bompengeopplegget som vart skildra i budsjettet for 2008. Lokale aktørar har slutta seg til dette. I budsjettproposisjonen for 2008 heiter det at prosjektet Kvivsvegen kan starte opp i 2008 "forutsatt at det blir tilslutning til delvis bompengefinansiering av prosjektet". For framdrifta i prosjektet sin del, har det kome ønske om at Kvivsvegen AS kan forskottere prosjektet også med den nye finansieringsløysinga.

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: I St.prp. nr. 1 (2007-2008) er det føresett at E39 Kvivsvegen skal startast opp i 2008 under føresetnad av tilslutnad til delvis bompengefinansiering av prosjektet.
I samband med arbeidet med å kvalitetssikre bompengepotensialet før saka blir fremma for Stortinget, har det blitt utført trafikkberekningar for å fastsetje bompengepotensialet for vegen. Det blei då klart at ei bompengeordning med ein takst tilsvarande bomtaksten på ferja Folkestad – Volda vil føre til eit stort trafikktap. I realiteten vil om lag halvparten av det trafikkpotensialet som er berekna utan bompengar, ikkje nytte den nye vegen. Dette gjev eit bompengebidrag som vil dekkje om lag 10 pst. av prosjektet sin investeringskostnad. Eit så stort trafikkbortfall vil føre til at den samfunnsøkonomiske nytta av prosjektet blir vesentleg redusert.
Samferdselsdepartementet har derfor komme fram til at prosjektet bør finansierast fullt ut med statlege midlar. Bomselskapet har i kontakt med departementet uttala at dei er nøgd med ei slik løysing.
Eg er kjent med at bomselskapet allereie har fått innbetalt ein aksjekapital på om lag 45 mill. kr som skal nyttast i staden for lån i bank. Den innbetalte aksjekapitalen er føresett refundert til aksjonærane i slutten av bompengeperioden, altså rundt 2025.
Samferdseldepartementet har i møte og pr. brev til bomselskapet opplyst at vi meiner desse midlane bør kunne stillast til disposisjon for vegbygginga som forskotterte midlar, mot tilbakebetaling i 2020. Vi har foreslått ei mogleg forskottering med 20 mill. kr i 2008 og 25 mill. kr i 2009. Dei forskotterte midlane blir tilbakebetalt i høve til ordinære forskotteringer, dvs. utan kompensasjon for prisstigning og renteutgifter.
Eg meiner dette vil vere ei god løysing for dei som har betalt inn aksjekapital, då dei innbetalte midlane blir tilbakebetalt tidlegare, samtidig som vegen blir utan bompengeinnkrevjing. Dette vil føre til at dei regionale effektane av vegprosjektet vil kunne oppnåast tidlegare enn med bompengefinansiering.
Eg har i kontakten med bomselskapet lagt vekt på at den foreslåtte løysinga ikkje skal gå ut over framdrifta i prosjektet. Bomselskapet har meldt tilbake til departementet at selskapet har godteke vilkåra om forskottering.
Eg ser særs positivt på denne løysinga.