Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1165 (2007-2008)
Innlevert: 27.05.2008
Sendt: 28.05.2008
Besvart: 04.06.2008 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): 6. mai vedtok Stortinget samrøystes å gje dispensasjon for personar over 70 år for å kunne køyre persontrafikk mot vederlag. Saka er ute på høyring. Høyringsfrist 15.09.08. På spørsmål ved handsaminga av saka svarte statsråden at ho ville arbeide for at dei som no må slutte å køyre, ikkje må vente lenge før dei kan forsetje i yrket sitt.
Vil statsråden ta initiativ slik at dei som er nær ved å fylle 70 år, og for dei som har fylt 70 år kan få dispensasjon, slik at dei kan forsetje slik køyring utan opphald?

Begrunnelse

Den 6. mai vedtok eit samrøystes storting å gje dispensasjon for personar over 70 år for å kunne få køyre persontrafikk mot vederlag.
Underteikna har vorte kontakta av mange i dette yrket som er nær ved å fylle 70 år eller har fylt 70 år. Desse er opptekne av at det skjer ei hurtig avklaring slik at dei personane dette gjeld ikkje får eit opphald i å få køyre persontrafikk mot vederlag.
Det er difor viktig at statsråden snarast tek initiativ i saka for å imøtekomme ønskje frå dei dette gjeld.



Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Stortinget gjorde 6. mai 2008 eit oppmodingsvedtak om å endre yrkestransportlova sine føresegner om kjøresetel, slik at øvre aldersgrense for kjøresetel vert heva frå 70 til 75 år, under føresetnad av at helsekrava er oppfylte. Framlegg til endring i lova er som nemnt i spørsmålet sendt til fråsegn, med frist til uttale 15.09. 2008.
Som eg sa i Stortinget 6. mai, ville framlegg i samsvar med Stortinget sitt vedtak bli sendt til fråsegn snarast råd, noko som alt er gjort. Eg sa vidare at når endringsframlegget hadde vore til fråsegn, og det endelege framlegget vert lagt fram for Stortinget, kan det vere grunnlag for å drøfte med Politidirektoratet ei oppmjuking i dispensasjonspraksisen i påvente av endring i lova. Det vert då lagt til grunn at det er tverrpolitisk semje om ein endring som nemnt.
Utover dette har eg ikkje meir å leggje til, utover det sjølvsagte at lovframlegg må til alminneleg høyring og må handsamast av Odelsting og Lagting og deretter sanksjonerast før lovframlegget vert norsk rett. Det er ei kjent saka at lovendringar tek tid. Ein kan likevel ikkje innrette seg i strid med gjeldande lovverk.