Åge Starheim (FrP): Eg viser til brev frå Sogn og Fjordane FrP sendt til styret i Helse Førde v/styreleiar, datert 30.05.08, der dei stiller nokre spørsmål og påpeikar mangel på heilheitstenking. Kopi av brevet er også sendt statsråden.
Vil statsråden, som foretaksmøte på denne bakgrunn instruere Helse Førde til å gje Sogn og Fjordane FrP ei grundig utredning og svar før nytt styremøte i Helse Førde 20.06.08 på dei spørsmål som er stilt i ovannemnde brev?
Begrunnelse
Bakgrunn for brevet er at styremedlem i Helse Førde, Harry Mowatt, på styremøte 29.05.08 gjorde framlegg om sentralisering av akuttberedskap innanfor ortopedi ved lokalsjukehusa på Nordfjordeid og Lærdal. Det administrasjonen i Helse Førde har av styret fått ordre om å utrede vil medføre kun dagkirurgi ved desse lokalsjukehusa. Det ein ikkje kan sjå ut ifrå styrevedtaket er om administrasjonen skal utrede hvilke konsekvensar dette vil medføre for den øvrige drift ved desse lokalsjukehusa.
Det er forlangt utredning og svar på følgjande tre spørsmål:
Vil eit slikt vedtak medføre kun mottak av fødande på dagtid?
Kva vil bortfall av kompetanse medføre for framtidig rekruttering av spesialistar ved desse sjukehusa?
Kva tiltak vil Helse Førde setje i gang innanfor ambulansetenesta for å sikre eit fullverdig tilbod innanfor ortopedisk akuttberedskap?
Det er forlangt at utredning og svar på desse tre spørsmåla vert gitt av Helse Førde før nytt styremøte den 20.06.08.
Elles vert det vist til brevet frå Sogn og Fjordane Frp til Helse Førde, datert 30.05.08, som også statsråden har fått kopi av.