Skriftlig spørsmål fra Ingebrigt S. Sørfonn (KrF) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:1335 (2007-2008)
Innlevert: 20.06.2008
Sendt: 23.06.2008
Besvart: 27.06.2008 av utenriksminister Jonas Gahr Støre

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF)

Spørsmål

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): I Algerie risikerar no ei 37-år gamal kvinne som har konvertert frå islam til kristendomen tre års fengsel for å "praktisera ein ikkje-muslimsk religion utan godkjenning". Ho vart sikta etter at politiet fant biblar i heimen hennar. KrF reagerar sterkt på innskrenkingar i religionsfridomen og forfølgingar av kristne.
Kva vil utanriksministeren gjera for å markera sterk avstand til dette og for å hjelpa denne kvinna og andre i Algerie som er forfølgt for si tru?

Begrunnelse

Angrepa mot grunnleggjande fridomar tiltek i Algerie. Fengslinga av denne kristne kvinna er det siste i ei lang rekkje eksempler på det. Ho er sikta etter ei lov frå 2006 som regulerar trosutøvinga til ikkje-muslimar. Berre det at Algerie har slike lovar vitnar om eit land med store utfordringar når det gjeld å akseptera fundamentale menneskerettar og annleistenkjande.
Den algirske dissidenten og korrespondenten for den franske avisa Le Figaro, Arezki Ait Larbi, skriv om denne saka i ein artikkel i den algirske avisa El-Watan 27. mai. Han kallar saka for ein "hekseprosess" og åtvarar mot det han ser som ein stadig tettare allianse mellom regjeringa og islamistane i landet. Han skriv at den einaste vegen ut av dette er å danna ei folkeleg rørsle som protesterar mot intoleransen og stadfestar respekten for trusfridomen.

Jonas Gahr Støre (A)

Svar

Jonas Gahr Støre: Eit styrkt vern om religions- og livssynsfridomen er ein prioritert del av den innsatsen Noreg gjer for å fremje menneskerettane. Religions- og livssynsfridomen står i nær samanheng med blant anna ytringsfridomen og forsamlings- og organisasjonsfridomen. Effektiv innsats for å fremje religions- og livssynsfridom må difor sjåast i samanheng med vår breiare innsats for desse rettane. Diverre er avgrensingar i retten til fritt å skifte religion eit typisk brot på religionsfridomen i mange land, ofte i kombinasjon med diskriminering på etnisk eller nasjonalt grunnlag.

Religionsfridomen følgjer blant anna av FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar, som Algerie er part i. Handsaminga som den 37 år gamle kvinna frå Algerie er utsett for, tykkjest representere eit brot på religionsfridomen, og det er eit tilhøve Noreg i så fall vil ta avstand frå.

Denne saka har òg fått merksemd i media, og vert følgt nøye. Vår ambassade har granska saka, og vil framleis følgje utviklinga i kontakt med representantar frå nærståande land og andre engasjerte miljø. I den noverande fasen er det vår vurdering at eit formelt skriv frå norske styresmakter ikkje vil vere føremålstenleg. Men vi vil følgje utviklinga vidare, og vurdere å ta opp saka når vi meiner det vil vere tenleg for denne.

La meg understreke at sjølv om vi tar opp brot på menneskerettar jamleg med andre land på prinsipielt grunnlag, så kviler det alltid på oss eit ansvar for å vurdere korleis vi best kan bidra til å ivareta tryggleiken til den einskildpersonen det gjeld. Vi må i kvart einskilt tilfelle nøye vurdere kva former som er mest førmålstenlege. No er det naudsynt at det algirske rettssystemet får høve til å handsame saka ferdig, i tråd med dei prinsippa som gjeld for rettstryggleiken.