Skriftlig spørsmål fra Ingebrigt S. Sørfonn (KrF) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:1533 (2007-2008)
Innlevert: 17.09.2008
Sendt: 17.09.2008
Besvart: 26.09.2008 av utenriksminister Jonas Gahr Støre

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF)

Spørsmål

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): Fatah-TV sitt barneprogram sendte i forrige veke program der dei nytta Disney-figurar til å hylla terrosistar som drep sivile, og til å nekta Israel sin rett til å eksistera.
Vil utanriksminsteren overfor dei palestinske sjølvstyremyndighetene gjera det klårt at dette er heilt uakseptabelt, og vil utanriksministeren snarast ta opp med Fatah og palestinske sjølvstyremyndigheter kva dei vil gjera for å stansa denne inndokterineringa av born?

Begrunnelse

Fatah-TV, kontrollert av partiet til president Abbas, har begynt å bruka Disney-figurar i sin hatpropaganda, og i hyllest av ein terrorist som er medansvarleg for drap av sivile busspassasjerar.
I ei tid der mange prøver å skapa klima for fredelege forhandlingar om ei løysing av konflikten mellom israelarar og palestinarar, er det forstemmande å sjå at dei leiande palestinske partia Fatah og Hamas no opptrer som om dei konkurrerer om å hylla terroristar som drep sivile.
Forrige veke vart det sendt eit barne-TV-program der borna var lært opp til å nekta for Israel sin rett til å eksistera. Dette er stikk i strid med det Fatah seier at dei står for. Til skilnad frå Hamas har Fatah klårt sagt at dei aksepterer Israel sin rett til å eksistera. Det er nedslåande at Fatah-TV driv propaganda for det motsette.
Det er fullstendig uakseptabelt at barne-TV på det grovaste motarbeider fredsskapande arbeid. Heltane og førebileta burde vera dei som skapar fred og forsoning, ikkje dei som driv terror.

Jonas Gahr Støre (A)

Svar

Jonas Gahr Støre: La meg først få understreke at Regjeringa tek avstand frå all bruk av tv-program som direkte eller indirekte spreier hat eller oppmodar til terror. Det er særleg opprørande dersom slike program rettar seg mot born.
I dette tilfellet dreier det seg om ein hyllest av ein for palestinarane kjend palestinsk militant aktivist, ein historisk person, frå konflikten på 1970-talet. Samtidig synes det som denne type innslag på eit barneprogram ikkje er vanleg og at denne kanalen ikkje kan seiast å drive indoktrinering av born eller å fornekta Israel sin rett til å eksistere. Fatah og Dei palestinske sjølvstyrestyresmaktene er innstilte på å finne ei fredeleg løysing på konflikten med Israel.
Eg deler ditt syn om at dagens heltar bør vere dei som forhandlar om fred, ikkje militante aktivistar som drep sivile. Noreg støtter den politiske prosessen som no går føre seg mellom Israel og palestinarane – der målet er ei tostatsløysing. Partane vert sterkt oppmoda om å følgje opp sine forpliktingar og til å treffe tiltak som kan skape tillit mellom partane. Gjensidig respekt og anerkjenning er ein føresetnad for å få ei slik løysing. Dette er eit bodskap Noreg vil halde fram med å formidle til begge partar.
Eg tek di bekymring til etterretning og vil ta dette med meg i den vidare dialogen med dei palestinske sjølvstyrestyremaktene.