Skriftlig spørsmål fra Ingebrigt S. Sørfonn (KrF) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:35 (2008-2009)
Innlevert: 06.10.2008
Sendt: 07.10.2008
Besvart: 13.10.2008 av utenriksminister Jonas Gahr Støre

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF)

Spørsmål

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): Irans parlament vedtok denne månaden ei ny straffelov, som mellom anna gjer dødsstraff obligatorisk om nokon vert kjent "skuldig" i å ha omvendt seg frå islam til ein annan religion. Iransk politi gjekk like etter til aksjon og arresterte fleire kristne. KrF meiner at dette er eit særlig grovt brot på fundamentale menneskerettar og krev at Noreg snarast må reagera overfor landet.
Kva vil utanriksministeren gjera for å protestera mot lova og for å leggja press på landet for å få lova omgjort?

Begrunnelse

Det er grunn til å tru at dei siste hendingane i Iran er eit medvete framstøyt frå styresmaktene for å setja i gong forsterka forfølging av kristne. Omvending frå islam til ein annan religion vert sett på som kriminelt i gjeldande straffelov i Iran, men det har ikkje vore foreskrive nokon bestemt straff. Klassisk islamsk lære seier at det skal vera dødsstraff for dette, men sidan 1990 har ingen vorte henretta i Iran for å ha skifta religion. Den skjerpinga av straffelova som no er vedteke, må difor takast på største alvor. KrF fordømer bruk av dødsstraff generelt, og at det no også skal anvendast dødsstraff mot personar som vel å gå over frå islam til ein annan religion er heilt forkastelig.

Jonas Gahr Støre (A)

Svar

Jonas Gahr Støre: Som representanten Sørfonn, er eg uroa over tilhøva for menneskerettane i Iran. Dette er styremaktene i landet godt kjende med, då menneskerettspørsmåla i landet har vorte teke opp av Utanriksdepartementet ved ei rekke høve.
Regjeringa er sterkt imot dødsstraff, over alt og uavhengig av brotsverk, noko som og framgår av Soria Moria-erklæringa, og av ei rekkje initiativ og reaksjonar frå norske styresmakter.
Norge har forplikta seg internasjonalt til å arbeide mot dødsstraff, jamfør arbeida under FN si hovudforsamling i 2007 for moratoriet på dødsstraff. Kampen mot dødsstraff har i 2008 vorte vidareført mellom anna gjennom FN-delegasjonane våre i New York og Genève.
Sjølv om Iran ikkje er folkerettsleg forplikta til å avskaffe dødsstraff generelt, er landet part i FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar, som set grenser for bruk av dødsstraff . Etter denne konvensjonen, er Iran mellom anna forplikta til ikkje å idøme dødsdom for andre enn dei mest alvorlege brotsverk.
Å omvende seg til ein annan religion, er heilt klart ikkje eit av dei mest alvorlege brotsverk. Tvert om, er det ein menneskerett å kunne ha eller ta ein religion eller tru etter eiga val, og Iran er forplikta til å ikkje utsette nokon for tvang som vil kunne innskrenke denne fridomen.
Dersom det reagerast med dødsdom mot konvertittar, slik det er mogleg at Iran no vil gjere, vil det vere i strid med deira folkerettslege pliktar og heilt uakseptabelt.
Utanriksdepartementet har ved ei rekkje høve teke opp dødsstraff og avrettingsmetodar med iranske styremakter og deira representantar i Noreg. Når det er føremålsteneleg går vi saman med andre land om ein felles reaksjon.
I dag inneheld iransk straffelov ingen artikkel om konvertering eller apostasi. I dei høve, der Iran har dømd personar til døden for slike ”brotsverk”, har dette vore med utgangspunkt i Shari’a. Avrettinger for apostasi synest paradoksalt nok å ha vore hyppigare før revolusjonen. Den siste slike ”gruppeavretting” skal ha skjedd i 1978. Det er nok vanskeleg å seie om ein ny straffelov, som eventuelt vil innehalde dødsstraff for apostasi, vil føre med seg endringar i den praksis ein følgjer i dag.
Den iranske straffelova vart vedteke av parlamentet og godkjend av voktarrådet i 1991. Lova vart vedteke for ein prøveperiode på fem år. Denne perioden har sidan vorte forlenga i påvente av ei revidert, endeleg straffelov. Eit utkast til straffelov er no til drøfting i det sitjande parlamentet. I september i år godkjende parlamentet i plenum hovudtrekka i lovframlegget. Framlegget skal drøftast i detalj før det vert endeleg vedteke. Når dette skjer, må framlegget godkjennast av voktarrådet før det endeleg kan tre i kraft. Kor lang tid dette vil ta, er vanskeleg å seia. Lovframlegget skal ha vore sendt over til parlamentet i 2007. Som det sitjande parlamentet no har gjort, godkjende det førre parlamentet hovudtrekka i lova.
Noreg slutta seg til ei EU-erklæring av 25. februar i år, som tok opp framlegget til ny straffelov og særleg artikkelen om apostasi.
Ambassaden vår i Teheran vil i tida framover følje saka tett, ikke minst gjennom sin løpande kontakt med iranske menneskerettsforsvarare. Vi vil også vurdera å ta saka opp i bilaterale samtaler. Eg trur det vil vera klokast å venta med offentlege norske reaksjonar til vi veit om det i Iran faktisk vil bli vedteke ei lov om dødsstraff for apostasi.
Eg vil òg vise til at Regjeringa har gjort greie for si haldning til utviklinga i Iran og om menneskerettar og konvertering i mine svar på skriftlege spørsmål nr. 1338 (frå representanten Høybråten, 27. juni 2008), nr. 1107 (frå representanten Høybråten, 4. juni 2007) og nr. 900 (frå representanten Skovholt Gitmark, 23. april 2007).